Fredag stoppa han og eit knippe politikollegaer fleire “travellers” ved parkeringsplassen på Amfi Ørsta.

Dette er britar som reiser rundt og i mange tilfelle tilbyr seg å  utføre steinlegging og anna manuelt arbeid for svarte kroner.

Ofte er det rein svindel dei driv med, med ein mildt sagt diskutabel kvalitet på arbeidet, stadfestar Digernes.

Kjend sak

– Folk må passe seg for slike gjengar. Vi har ikkje registrert noko ugagn frå dei omreisande hittil i 2012, men dei kjem innom kvart einaste år. Vi har dei under oppsikt.

Møre-Nytt sin journalist la inn førespurnad hjå britane om å få ein kommentar, men dei var tydeleg misnøgde med bildetakinga, og gav berre til svar at dei skulle ommøblere journalisten sitt andlet før dei ønskte han lukke til på reisa ned til djevelen sitt rike.