I desse dagar reiser Smittevernet i Fagavdelinga for Helse Møre og Romsdal Helseforetak rundt til alle sjukehusa i fylket for å setje fokus på handhygiene.

Fem til femten prosent av infeksjonane på alle sjukehus kjem som følgje av dårleg handhygiene, så den årlege handhygienekampanjen i regi av Verdens helseorganisasjon er ei god påminning for dei tilsette om å vere nøye med handvasken.

Kjerneverdiar

Det var avdelingssjef Mona Ryste på Volda sjukehus som klipte snora som markerte starten på handhygienedagen.

– Handhygiene er sentralt for oss. Det handlar om kjerneverdiane respekt, tryggleik og kvalitet for pasientane. Eg er heilt trygg på at alle medarbeidarane på Volda sjukehus vil slutte opp om kampanjen, sa Ryste, og retta ei takk til arrangørane.

Viktig for både tilsette og besøkjande

I løpet av dagen fekk alle avdelingane besøk av personellet frå smittevernet. Det vart arrangert quiz og gitt undervisning i korrekt handhygiene. Dei tilsette fekk også prøve sine rutinar ved å vaske hende med eit fluoriserande middel. Ved å føre hendene inn i ei spesiell maskin etterpå, kunne ein sjå kvar på hendene desinfeksjonsmiddelet hadde nådd.

Rådgivar i Smittevern, Unni Skare, understrekar kor viktig det er å vere nøye med handvask på sjukehus.

– God handhygiene førebyggjer at ein tek med bakteriar og mikrobar frå ein pasient til ein annan. Handhygiene er det enklaste og mest effektive tiltaket for å hindre spreiing mellom pasientar, seier ho.

I vestibylen på sjukehuset er det plassert eit stativ med desinfeksjonsmiddel. Det er viktig at alle besøkjande nyttar seg av dette når dei kjem inn på sjukehuset.

– Spritar ein hendene godt når ein kjem inn, så førebyggjer ein å ta med seg uønskte mikrobar.

Armband og klokker

Ei anna sak det vart sett fokus på torsdag, var bruken av klokker og ringar på hendene i samband med handvask. Dette skal ikkje brukast når ein går i kvit, blå eller grøn arbeidsuniform. Årsaka er at det ikkje er så lett å kome til og få vaska inn under ting som heng rundt hender og fingrar.

– Dette er eit tema vi heile tida må snakke om og halde varmt. I vår har vi hatt eit omfattande arbeid på dei fire sjukehusa i fylket, der vi har talt klokker og armband på alle avdelingane der ein går i uniform. Det viser seg at om lag 25 prosent av dei tilsette har noko på hendene, så det er rom for forbetringar, seier Skare.

Handvask

Det er ikkje berre på sjukehuset god handhygiene er viktig. Også i heimen kan ein redusere smittefaren ved å vaske seg godt.

– Når ein til dømes handlar og tek på handlekorger og pengar, er det ein god regel å vaske seg på hendene når ein kjem heim. Er ein synleg skiten eller har vore på dobesøk, må ein vaske seg på hendene. Men det er ein stor fordel å ha tilgjengeleg sprit til å vaske seg på hendene, til dømes når ein skal på restaurantbesøk. å sprite seg, ha tilgjengeleg i lomma t.d. når ein skal på restaurantbesøk, er ein stor fordel.