– Det er for så vidt ikkje gjort noko vedtak om dette, men ut frå budsjettvedtaka som er gjort av kommunestyret, ligg det ikkje inne middel til å kunne rive den brannskadde delen, seier rådmann Rune Sjurgard.

Difor legg han no fram ei sak med tanke på å starte planarbeidet for eit nytt rehabilitert rådhus i Volda. Han vedgår at det beste hadde vore å rive, men aksepterer dei økonomiske rammevilkåra kommunen har.

Rådmannen i Volda ynskjer å kome raskast mogleg i gang med planarbeidet for rådhuset – sjølv om ikkje forsikringsoppgjeret enno er heilt klart. Det er snart to år sidan rådhuset brann i Volda.

Usemje om forsikringsoppgjer

– Nei, forsikringsoppgjeret er ikkje heilt klart. Det er ein diskusjon mellom kommunen og forsikringsselskapet om taksten, vedgår rådmannen.

Usemja ligg i kva føresegner for offentlege bygningar som skal liggje til grunn. Dei som galdt då det brann, eller dei som gjeld no der krava mellom anna til universell utforming er skjerpa.

– Mellom anna er eit av diskusjonsemna at vi vil ha inn heis i den rehabiliterte delen, og at det skal vere ein del av forsikringsoppgjeret, seier Sjurgard.

Han meiner det hastar med å kome i gang med planlegginga av det rehabiliterte rådhuset.

– Vi veit at tida går fort, og rådhuset må stå nøkkelferdig seinast i oktober 2015. Då er det fem år sidan brannen. Difor må vi i gang med planprosessen sjølv om vi enno ikkje heilt veit taksten på den brannskadde delen, seier Sjurgard.

Formannskapet i Volda har handsama saka, og er samd med rådmannen i kva prinsipp som skal liggje til grunn for planlegginga.

Prinsipp for romprogram

Det er følgjande moment:

- Brannstasjon vert flytta ut frå rådhuset.

- Det vert forhandla med Nav om å finne lokale utanfor rådhuset.

- Service- og mottaksfunksjon som tilrettelegg for auka tenester i front kombinert med skjerming som effektiviserer drifta og gir nødvendig sikkerheit. Ein skal også vurdere mogleg integrering av mottaksfunksjon med bibliotek også for å sjå på moglegheitene for litt utvida areal for biblioteket.

- Tilpassing av kontor og fellesløysingar som gir effektiv arealutnytting og fleksible løysingar.

-  Tenestene som ein leiger kontor til i rådhus II (Spinneriet) vert flytta attende til rådhuset.

- Godt inneklima og energiøkonomiske løysingar.

- Universell utforming og funksjonell tilpassing mellom dei to bygningsdelane.

- Skifte av papptak på ”nydelen” av rådhuset og skifte av vindauge i 3. etg i nydelen.

-  Det vert leigd inn konsulent/arkitekt som jobbar fram grunnlag basert prinsippa.

Nav

Rådmannen vil altså ha Nav ut frå rådhuset.

– Det vil ikkje vere plass til Nav viss vi skal få på plass dei kontora som i dag er på Spinneriet, seier Sjurgard.

Barnevernsavdelinga fekk mellom anna redusert sitt areal da Nav i si tid flytta inn. Det var før brannen drøfta brakkeløysing for barnevernsavdelinga. Innvandrarseksjonen har fått fleire tilsette. Alle desse faktorane gjer at arealramma i gamle og nye rådhuset vert sprengt. Rådmannen nemner også at Nav på langt nær er ferdig organisert, og det kan verte behov for fleire tilsette.

Ei anna utfordring er biblioteket. Kommunestyret i Volda har vedteke at dette skal få plass i eit framtidig kulturhus, men kulturhussaka i Volda ventar enno på ei realisering, og ligg nokre år fram i tid.

– Difor må biblioteket ha plass i rådhuset inntil vidare, seier Sjurgard.

Brannstasjonen

Det er allereie vedteke at brannstasjonen, der rådhusbrannen starta, skal ut av rådhuset. Ny brannstasjon skal verte etablert i lokala til tidlegare Gjersdal Trevarefabrikk.

Rådmann Rune Sjrgard i Volda fortel om usemje mellom Volda kommune og forsikringsselskapet om oppgjeret etter rådhusbrannen.