FoU-prisen har vore utdelt kvart år sidan 2006. Målet med prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. Ved sidan av å gi honnør til prisvinnarane er intensjonen med prisen at vinnarane skal fungere som førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten på og omfanget av FoU-arbeidet aukar, heiter det på heimesida til Høgskulen i Volda.

Publikasjonslista til professor Amdam er imponerande. Han er i tillegg ein ettertrakta føredragshaldar og har vore svært aktiv i samfunnsdebatten gjennom sitt målretta formidlingsarbeid. Gjennom sitt arbeid har han medverka i FoU-arbeid med stor relevans for både Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Han har hatt mange faglege og fagpolitiske verv.

Hans store arbeidskapasitet og engasjement for faget, studentane og høgskulen, vert vektlagd i grunngjevinga for tildelinga. Han vert òg framheva som ein raus og inkluderande person, med gode evner som miljøbyggjar og inspirator internt ved høgskulen.

Karriere

Amdam byrja å jobbe ved Møre og Romsdal Distriktshøgskule (no: Høgskulen i Volda) i 1973. Han fullførte graden Dr.scient. ved Norges Landbrukshøgskole (no: Universitetet for miljø- og biovitskap, i Ås) i 1974, og har vore professor i kommunal og regional planlegging og administrasjon sidan 1994. I perioden 2007–2011 var han rektor ved høgskulen.

Fagleg interessefelt: Samfunnsplanlegging – planleggingsteori og metode – kommunikativ planlegging; Kommuneplanlegging – kommunal verksemd; Regionalpolitikk, regionale utviklingsprosessar og planlegging