Det er risikosport å setje opp framsyningar innan jazz og opera på Ørsta kulturhus.

Slike arrangement får dårleg publikumsoppslutnad, syner årsmeldinga frå kulturhuset.

Direkteoverført

Då kulturhuset i fjor arrangerte direkteoverført opera for framsyningane La Boheme, Tryllefløyten og Cyrano de Bergerac, møtte det elleve tilskodarar på den første og femten på dei to andre direkteoverføringane. Det var altså god plass i kinosalen. Framsyninga Rigoletta samla 38 personar, ei klar betring altså.

Heller ikkje jazzartistane som kjem til Ørsta kan rekne med kø av fans som vil sikre seg konsertplass. Den lovande jazzbassisten Mats Eilertsen trekte sju tilhøyrarar på sin konsert, medan 21 personar løyste billett for Kåre Nymark jr band. Då ein av landets fremste jazzartistar, Jon Balke, tok med seg konseptet On Anodyne i regi av Rikskonsertane, møtte 41 personar opp. Hilde Louise Asbjørnsen trekte 43 tilhøyrarar på si framsyning.

Appell

Fleire andre arrangement, som hadde brei appell, samla lite folk. Berre 101 personar kom for å høyre “elleville” Kristine Koth på scenen, og stand up-artist Åsleik Engmark og Jon E. lokka 62 personar ut av godstolen. Arne Lønn Arnesen sin Da Capo samla 99 tilhøyrarar. Oversikta viser også at Teatret Vårt ikkje dreg særleg med publikum i Ørsta. Heller ikkje Egil Eldøen, Olav Stedje, Svein Dag Hauge og Elias Muri-Skagefoss sin hyllest til Crosby, Stills, Nash & Young appellerte særleg med sine 60 tilhøyrarar.

Heller ikkje Herborg Kråkevik samla fullt hus. Men ein kan neppe kalle det fiasko når 210 personar kjem for å sjå og høyre henne.

Are Kalvø

“Vinnarane” når det gjeld arrangement i fjor var Are Kalvø og Espen Beranek Holm som samla fult hus. Riksteatret sine barneframsyningar er også populære, og Karius og Baktus samla også fullt hus og det same gjorde Pippi og Pulverheksa og julenissen. Rikskonsertane trekte også fullt hus med vaksenframsyninga Anna Karenina, og godt over 200 opplevde Fruen frå havet.

Ballett

Sikre suksessar er dei lokale ballettframsyningane og musikklinja i Volda sin årlege musikal. Dei samlar fulle hus. Også andre lokale arrangement samla mykje folk.

71 arrangement

I alt vart det selt billettar til 71 arrangement på Ørsta kulturhus i fjor. Dette var 31 konsertar, fire dansearrangement, 21 teaterframsyningar, 14 ballettshow og eit anna show.