– Eg trur vi har fått ein heil meter med nysnø berre dei siste dagane. Det lavar jamt ned heile tida, og forholda er gode, seier Silseth.
Faktisk snør det så tett at det byr på utfordringar for dugnadsgjengen ved Ørsta skisenter.
– Vi køyrer kontinuerleg med trakkemaskin, men det går ikkje meir enn eit par timar før det har lagt seg 20 cm med nysnø. Det fører til at ein må ta seg ein ny runde, men det er lettare sagt enn gjort når bakken er full av folk, seier Silseth.
Ikkje overraska
Måndag måtte ein faktisk stengje ned barnetrekket, og vise vekk folk i ein liten periode, slik at ein fekk trakke traseen.
Bak i Nottane er det derimot så dårleg sikt at ein må vente med å opne fjelltrekket.
Silseth avviser likevel at ein vart teken på senga av snømengdene.
– Det brukar alltid å kome eit lite lass med snø i skiftet mellom mars og april. Dette var heilt etter planen, men snøen kunne gjerne ha kome litt før, seier han.
– Det er skredfare
Ein som i alle fall har pakka utstyret sitt til påske, er leiar Jarle Steinar Bjørdal i Ørsta/Volda Røde Kors.
Han åtvarar om at skredfaren aukar i takt med dei store mengdene nysnø.
– Det er sterk vind ifrå nordvest, og eg ser ikkje vekk ifrå at det er liknande forhold som då det gjekk skred på Bondalseidet for nokre månader sidan, seier Bjørdal, og siktar til hendinga då to studentar frå Høgskulen vart fanga av snømengder etter å ha køyrt utafor løypene.
– Har folk grunn til å vere engstelege for snøskred i påska?
– Eg tykkjer ein alltid skal vere engsteleg for slikt, men dersom ein er påpasseleg og unngår dei brattaste fjellsidene skal det gå bra. Hellingar på over 30 grader og lesider er spesielt utsette, seier han.
Mannskap
Røde Kors stiller mannsterkt i påska, med tre vaktlag kvar einaste dag.
– I tillegg vil der vere ekstravakter tilgjengelege. Eg har bedt alle i skredgruppa om å pakke utstyret sitt, så beredskapen er god.