Halse la vekt på at den kampen som norske soldatar har ført, har vore ein kamp for fred og fridom.

– I Noreg er det relativt lett å snakke om krig og ufred som noko fortidig; «det var ein gong». Me veit altfor vel at terror og ufridom, krigshandlingar og naud, er ein dagleg realitet for mange av medmenneska våre. Lat oss tenkje også på dei ofra i dag, og lat vår glade feiring bli ein spore til vidare innsats for nestekjærleik, solidaritet på tvers av grenser og aktivt fredsarbeid på alle frontar! Sa Halse.

Terje Vigen

I talen tok han utgangspunkt i diktet “Terje Vigen”, skrive av Henrik Ibsen.

“Der bode en underlig gråsprængt en / på den yderste nøgne ø; –

han gjorde visst intet menneske mèn / hverken på land eller sjø;”

Napoleonskrigane

– Ibsens mektige dikt om Terje Vigen er vel den forteljinga som er best kjend frå krigs- og naudsåra tidleg på 1800-talet. Landet vårt låg enno under Danmark, og Napoleonskrigane og storpolitikken utvikla seg slik at kongen i Kjøpenhamn gav opp nøytraliteten og allierte seg med Napoleon. Dermed vart tidlegare gode grannar som Storbritannia og Sverige fiendar av det dansk-norske riket. Importen av korn vart effektivt hindra, og nauda vart forsterka av nokre særleg harde vintrar og dårlege avlingar:

– Den store diktaren makta å gjere Terje Vigen til ein del av vårt kollektive norske minne. Mindre kjent er nok den direkte krigsinnsatsen som mange nordmenn gjorde i dei same åra. For å halde fast også på den sida av saka reiste ørstafolket i 1914 denne steinen – som det står «Til minne um ørstingar i ufreden 1807–1814», påpeikte Halse.

Slaget ved Berby

Han viste til at folk på bautasteinen kan lese namna på fem som fall i strid mot svenskane ved Berby, tre som miste livet ved Kongsvinger og tre i Bergen.

– I tillegg er her lista opp alle soldatane som kom velberga heim att. Seinare er her sett på ei plate til minne om sju ørstingar som omkom i krigsåra frå 1939 til 1945, fortalde Halse.

Han viste til minneboka som grenader Jakob Rasmusson Vassbotn skreiv. Saman med fleire frå Volda, Ørsta og Hjørundfjord vart han innkalla og reiste sørover mot Berby i september 1807, først for litt meir militær trening i Bergen – og så til aktiv krigsteneste. I#<\p>Boka fortel Vassbotn både om reisa til Berby, tankane om krigshandlingane som venta, og korleis soldatar vart drepne og seinare gravlagde på ein kyrkjegard i området.

– Vassbotn si forteljing er gjennomgåande nøktern, men han skildrar denne kyrkjegarden som eit «prægtig Gravsted, bare fin Sand og tørt» – og når soldatgrava minner han om ei seng med setjepoteter, er det gjerne eit uttrykk for vona om at det kan kome noko godt av alt det vonde, sa Halse.

Nestekjærleik

Han poengterte at bautasteinen ved kyrkjegardsporten er i alle fall reist til minne om forfedre som trufast utførte plikter i ei tøff teneste.

– Når me kransar han på 17. mai, held me fast medvitet om at fred og fridom ikkje er noko sjølvsagt. I Noreg er det relativt lett å snakke om krig og ufred som noko fortidig; «det var ein gong». Me veit altfor vel at terror og ufridom, krigshandlingar og naud, er ein dagleg realitet for mange av medmenneska våre. Lat oss tenkje også på dei ofra i dag, og lat vår glade feiring bli ein spore til vidare innsats for nestekjærleik, solidaritet på tvers av grenser og aktivt fredsarbeid på alle frontar, sa Halse.

Men fredsarbeid er også forsoning, la Halse vekt på.

Forsoning

– Høgdepunktet i diktet om Terje Vigen er når han som eldre los mange år seinare møter att engelskmannen som i si tid fanga han, og Terje har sjansen til å ta hemn. Lorden hadde no kone og eit lite barn med på skipet, og synet av veslejenta fjerna hemnhugen og skapte forsoning:

“De takked for frelsen da stormen peb, / for frelsen fra sjøgang og skær;

men Terje strøg over barnets slæb: / «nej, den som frelste, da verst det kneb,

det var nok den lille der»

– Dei minste vekkjer gjerne det beste i oss, og me har alle ei oppgåve i å gjere verda til ein betre stad for dei som veks opp: «Vi vil ta vare på / skjønnheten, varmen, / som om vi bar et barn, / varsomt på armen», sa Halse, og viste til Nordahl Grieg sitt dikt, “Til Ungdommen”.