Ei arbeidsgruppe beståande av representantar for handel og næringsliv i Ørsta kommune har no teke initiativ til å skape blest om kommunen i samband med opninga av Kvivsvegen og utvidinga av regionen det fører med seg.

Idéfrukost

I første omgang vert det invitert til frukost med idémyldring på Hotell Ivar Aasen komande torsdag.

– Målet med frukosten er å skape merksemd om aktivitetane. Vi inviterer til ein stor dugnad der alle er med og bidreg på sin plass. Poenget er at ein skal treffast der ein vanlegvis er. Ørsta skal vere ope denne helga, og folk kan finne på eigne aktivitetar for å gjere Ørsta attraktivt og tilgjengeleg, seier Bernt Brekk i arbeidsgruppa, som elles består av Odd Magne Vinjevoll på Ørsta Næringskontor, senterleiarane Jorunn Saure på Ørsta Torg og Peder Lid på Amfi, og Helle Yndestad Aam frå Landhandelen.

Søndagsope

Arbeidsgruppa har søkt om at butikkane i Ørsta skal få ha søndagsope den aktuelle helga, og ventar mykje trafikk frå både ytre og indre strok av Sunnmøre.

– Vi håper det vert mykje trafikk denne vegen når Kvivsvegen opnar. Vi vil då vise at vi no er eit alvorleg trafikknutepunkt der vi kan sitje i sentrum og nå seksti tusen innbyggjarar innan akseptabel pendleavstand, seier dei.

Det vert altså oppmoda om at næringsdrivande finn på aktivitetar ved sine forretningar, og at lag og organisasjonar, songkor og andre stiller opp og skapar liv og røre i sentrum laurdagen og søndagen.

– Vi håper å stimulere til at folk kjem hit for å handle og kanskje busetje seg.