Steinen frå løda skal verte brukt til å etablere ein ny mur ved Svendsengarden. Der skal det etter planen kome nytt busskur, og hagen til Svendsengarden skal få seg eit løft. I bakkant av busskuret skal det verte ført opp ein steinmur som står i stil med murane på nokre av husa i Svendsengarden. Hagen skal skrå nedover bak busskuret, og det er planar om å legge til rette for enkle, låge benkar som folk kan sitte på.

– Muren, saman med veggen til busskuret, og at vi trykker terrenget noko ned, vil gi god lydisolasjon mot E39 for dei som oppheld seg i hagen, skildra arkitekt Jens Nyboe Andersen då han informerte kommunen om planane tidlegare i år.