Leiar i Ørsta Småbåtlag, Svein Steinnes, er i hamna for å kike på arbeidet som elevar frå bygg- og anleggsteknikk gjer på den nye gapahuken. Han er full av lovord.

– Dei utfører eit skikkeleg arbeid. Dette vert veldig bra, rosar han.

Gapahuken ligg like ved klubbhuset i hamna, og er ein del av eit større området som småbåtlaget no rustar opp til park, med nye busker og planter, sitjebenkar og gapahuk.

– Det er mange som går forbi her og som likar å opphalde seg i området, difor ønskjer vi å legge betre til rette for besøkande, fortel Steinnes.

Dei har også planar om å lage til ein jordvoll i bakkant av gapahuken, slik at støyen frå trafikken vert dempa.

– Det står framleis att litt arbeid, men når folk har fått henta dei tomme båthengarane sine, gapahuken og parkområdet er klart, då skal det verte veldig triveleg her, lovar småbåtlagsleiaren.

Lærar på Ørsta vidaregåande skule, Ole Petter Drabløs, er også svært takksam over at småbåtlaget vil bruke elevar frå skulen til å bygge gapahuken.

– Dette er ei svært nyttig erfaring for elevane. Vi er også avhengig av å ha oppdrag slik at dei lærer seg å bygge skikkeleg. Her får dei praktisere ulike teknikkar i grove materiale. Det er veldig bra. Dette vert ei moderne grindløde. Det vert ein intensiv innsats no siste veka før dei tek ferie. Vi har tenkt å få det meste klart, slik at det einaste som står att for småbåtlaget er å legge torv på taket, seier Drabløs.

Svein Steinnes gler seg over at ting er i ferd med å kome på plass i hamneområdet.

– Både for ørstingar og turistar er det viktig å ha gode tilbod. Alt skal vere klart til vi har båttreff i august. Det er målet.