Jan Myklebust i Sjømyrane i Hovdebygda er mektig irritert. Sidan onsdag har gata vore belagt med oljesøl. Han har undersøkt både hos politi og kommune, men fått til svar at dei ikkje har ansvar for oppryddinga.

Det heile starta onsdag kveld. I Ytrehovdevegen, mellom bedehuset og sanitetshuset, er det ein stor dump i vegen. Ein bil kom køyrande over dumpen, og tok ned i med understellet. Det resulterte i at det vart slått hol, og bilen byrja å leke olje.

Bilen køyrde vidare ned til Sjømyrane, og det vart mykje olje på vegane.

– Det var nokre ungdommar som køyrde bilen, og dei gjorde det dei skulle då dei oppdaga kva som hadde skjedd. Dei varsla politiet, fortel Myklebust.

Det vart ei utrykking med mannskap både frå politi og Ørsta brannvern.

– Brannvernet fekk lagt på sagflis, slik at det ikkje skulle verte for glatt, fortel Myklebust.

Men sidan skjedde ingenting. Myklebust hadde venta at nokon kom og rydda opp rotet.

– Difor tok eg fyrst kontakt med politiet. Dei fortalde at dei ikkje hadde ansvar for oppryddinga, og viste meg vidare til kommunen. Hos kommunen fekk eg til svar at heller ikkje dei hadde ansvar for å rydde vekk oljesølet, fortel Myklebust.

No håper han at nokon tek ansvar, og får fjerna oljesølet.

– Det eine er at det utgjer ei fare for forureining. Det ligg mykje olje att på vegen her i Sjømyrane enno. Det andre er at det ikkje er bra at her ligg så mykje olje på ei gate der born leikar. Det kan umogleg vere bra, seier Myklebust.

Sagflis: Det er lagt på sagflis over oljesølet, men dei som bur i Sjømyrane ventar at oljen også vert fjerna. Foto: Rune Sæbønes