Måndag kveld vart det klart at elektronikkjeda Lefdal vert lagt ned. Frå og med 15. januar vert alle butikkane gjort om til Elkjøp-butikkane. Dei to elektronikkjedene har hatt same eigar gjennom fleire år. Lefdal har vore etablert i Furene, medan Elkjøp er på plass i Hovdebygda. HG Handel eig begge desse butikkane, og dagleg leiar Ingar Teigene vil Lefdal-butikken i Furene no bli til Elkjøp og at ingen vil miste arbeidet sitt.

– Det er viktig for oss å behalde arbeidsplassane, vi har mange flinke folk og dei må bli tatt vare på på ein god måte, seier Teigene til NRK Møre og Romsdal.

Totalt var det 21 Lefdal-butikkar i Noreg, og alle desse vil no bli Elkjøp.