Maya & Maries Klipp og Barberstue ønskjer å tilby vaksne kundar «noko godt i glaset».
May-Linn Blomvik og Marie Kristine Sande står bak herresalongen som skal opne i Vikegata i haust. Dei driv i dag frisørsalong i Kiwibygget i sentrum.
- Vi vil no satse større og utvide tilbodet til herrane. Vi skal ha ei lukka avdeling for skjegg og barbering for dei over 18 år. Der ønskjer vi at kunden skal kome inn og kunne seinke skuldrane med noko godt i glaset om dei ønskjer dette, fortel dei to frisørane i ein skjenkesøknad til kommunen.
Blomvik og Sande gjer det klart at avdelinga der dei vil servere alkohol skal vere godt skjerma og med lukka dører.
- Det vi tenker er at det vil berre vere mogleg å kjøpe ei eining per kunde, og dette blir under ei behandling. Der vil vere maks tre kundar i rommet, for å få ei rolig og avslappa atmosfære, skriv frisørane.
Dei ønsker å satse på gågata fordi dei vil vere med å lage liv og røre i gata igjen.
- Men vi er også avhengig av å ha noko ekstra som ingen andre har for å trekke til oss enda fleire kundar. Vi veit at Pikasso på sjøholdt har sjenkeløyve og at dette ikkje har vore noko problem med tanke på at det er snakk om frisørsalong og ikkje utestad, skriv Blomvik og Sande.
Alkoholserveringa skal starte klokka tolv på dagtid torsdagar, fredagar og laurdagar.