– Dette vil gje positive ringverknader då barna vil ha eit mykje jamnare og høgare nivå å starte på når dei skal ha undervisning i skulen, skriv symjeskuleansvarleg Anne-Britt Aambø Hallaråker til Ørsta kommune.

Symjegruppa ønsker å starte vasstilvenjing/symjeopplæring for barnehagebarn i Ørsta. Dei har fått løyvd midlar som skal dekke kurs for 64 barn frå Ørsta, men treng bassengtid. Det vert peika på at kapasiteten i Ørsta-bassenget er sprengd. Grunna økonomien er bassenget ved Hovden skule i dag ope frå januar til 17. mai. Symjegruppa vonar at bassenget kan opnast frå midten av august og ut november, og frå januar og ut mai.

– Det vil koste Ørsta kommune 15.000 kroner pr. månad å halde bassenget ope.

Den totale kostnaden vil vere 60.000 kroner for å ha ope basseng i fire månader. Symjegruppa vonar på eit positivt svar.