Og det handlar om lokalisere eit legesenter i det tidlegare Nordeabygget som no er under utbygging. Tidlegare kunne Rebbestad og Mork, som står bak selskapet Ivar Aasengata 10, tilby kommunen lokale i andre etasje i Nordeabygget.

– No handlar tilbodet om å lokalisere eit topp moderne legesenter i første høgda i dette bygget. Og legane vil få alt dei ønskjer gjennom eit prosjekt som både vert rimelegare enn å byggje nytt legesenter i Dalevegen – og ikkje minst vert raskare å få realisert, seier Rebbestad og Mork.

Går alt etter planen vil eit legesenter kunne opne i Nordeabygget til jula 2016, seier utbyggjarane.

Les også: – Toget er gått for Nordeabygget

Debattar

Det var Nordeabygget mot bygging av nytt legesenter ved eksisterande legesenter i Dalevegen det handla om før kommunestyret tidlegare i år, etter eit prosess med debattar det gneistra av, vedtok å byggje nytt.

– Årsaka til at fleirtalet av representantane i kommunestyret ikkje ville gå for eit legesenter i Nordeabygget, gjennom ein leigeavtale, var at senteret skulle liggje i andre høgda. Eigaren av treningssenteret i bygget går med på å flytte det til andre høgda, og då er denne problemstillinga løyst, vurderer Rebbestad og Mork.

Dei seier at dei fleire gonger i etterkant av vedtaket har fått klare signal på at røystinga hadde vorte annleis i kommunestyret dersom det låg an til legesenter i første høgda, sjølvsagt med universell utforming. I det revurderte tilbodet held Ivar Aasengata 10 oppe tidlegare tilbod om leigepris.Arne Johan Rebbestad og Per Magne Mork meiner Nordeabygget er perfekt lokalisering for eit legesenter for innbyggjarane i Ørsta.

– Plasseringa i sentrum er unik med to tilkomstar for bilar og drosjer. Akuttmottak og tilhøve for ambulanseinngang vil vere gode, med moglegheiter frå fleire sider av bygget. Parkeringstilhøva i området er gode og det er kort veg til rutebilstasjonen, seier utbyggjarane.

Dei gjer det klart at det også vil vere plass til helsestasjon i Nordeabygget. Utbyggjarane meiner eit rimelegare legesenter vil opne for at kommunen raskare kan realisere nødvendige tiltak som mellom anna opprusting av skulebygg og bygging av fleirbrukshall, kapitalkrevjande tiltak.