Driftsleiar Ann-Helen Digernes og dagleg leiar Eva Anita Hägglund-Hole har store voner for Hotell Ivar Aasen der hotellet no gjer fleire grep dei håper ørstingane vil like.

Det eine handlar om å gjenopne den nærast legendariske nattklubben «Påfuglen», eller «Foglen» blant folk flest, i kjellaren på det som før heitte Viking Fjord Hotel. Går alt etter planen, opnar «Foglen» dørene før sommaren.

Samarbeid

Foreininga Musikk i sentrum skal samarbeide med hotellet om drifta der det vert lagt opp til alt frå musikkveldar, diskotek og klubbkveldar, også i regi av Bratt & Blått, til fotballkveldar med storskjermar, quiz, temakveldar og mykje anna. Sjølv om det er mange år sidan det var drift på «Foglen», skal det ikkje så mykje oppussing og endringar til før dørene kan opnast.

– Håpet er at køen av folk som vil bruke «Foglen» vert lenger enn han var på 70-talet då folk stod i kø langt ned på vegen, smiler Eva Anita Hägglund-Hole.

På Facebook har hotellet invitert folk til å meine noko om kva aktivitetar dei vil ha på hotellet. Mange har gitt tilbakemelding om at dei saknar ein møteplass for musikk og klubbkveldar som ei erstatning etter at Rust Club & Scene vart avvikla.

Dei tilsette på hotellet ønskjer at bygdefolk skal bruke hotellet endå meir, og no vert det lagt betre til rette for dette, og at hotellet i større grad vert den naturlege møteplassen for alle.

– Vi har mange planar og idear vi ønskjer å gå vidare med der det i botnen ligg at vi ønskjer å vere eit hotell for heile Ørsta-bygda. Vi er avhengige av bygdefolk for å få ei best mogeleg drift, seier Hägglund-Hole.

Hotellet skal framleis arrangere barnedåpar, konfirmasjonar, bryllaup, minnestunder og samkome for næringslivet, men ønskjer å arrangere meir.

– Og no er vi klare for nye ting utan at vi skal finne opp hjulet på nytt. Men vil gjere meir for å auke besøket, seier Hägglund-Hole.

Etter jobb

Konseptet «Etter jobb» skal haldast kvar fredag ein gong i månaden, der folk kan stikke innom etter arbeidstid for noko godt å drikke eller ete og ha sosial hyggje ved inngangen til helga. Her vert det også lagt opp til at familiar kan kome og ete t.d. taco. For dette skal vere ein arena for alle. Seinare på kvelden kan det vere duka for ein trubadur i like folkelege rammer. Dei ørstingane som saknar ein stad for å gå ut og svinge seg vert nok nøgde når hotellet også byr opp til dansekveldar utan å konkurrere ut andre lokale arrangørar av slikt. Difor er lagspel med andre viktig for hotellet. 15. april, påskeaftan, er det bandet Five o’clock Soul som spelar.

Pusse opp

Det ligg også føre planar om oppussing av hotellet sin fasade for å gi eit utvendig andletsløft. Her er Lars Oscar Fossen Øvstegård engasjert. Då veit vi at ting vert gjort på beste måten.

Og så, ikkje rosinen i pølsa, men kjøtet i gryta: Sosekjøtet er på veg inn på hotellet. For no vert det også slått eit slag for den gode tradisjonsmaten. Komande laurdag og søndag kan folk ta turen til hotellet og ete sosekjøt så mykje dei orkar, der mellom anna kjøkkenveteran Alice Follestad står bak grytene i eit hotellkjøkken med internasjonalt snitt: For dei tre andre kokkane ættar frå både Tyskland, Hellas og Spania. Og dei kan meir enn å lage norske rettar. Kvar søndag skal folk få tradisjonsmat.

– Det er meininga å utvide både mattilbodet og andre tilbod etter kvart. No håper vi ørstingane er klare for hotellet, og at dei brukar oss mykje. Vi har opne dører heile veka, og motiverte og dyktige tilsette vil ta godt i mot alle, seier Eva Anita Hägglund-Hole.

Sosekjøt: Komande helg kan folk kome til hotellet og ete sosekjøt. Kjøkkensjef Erik Lichtenheld, Eva Anita Hägglund-Hole, Ann-Helen Digernes og kokkeveteran Alice Follestad inviterer. Foto: Roy-Arne Folkestad