– Det gamle glashuset vart rive og vi har bygd nytt. No har vi ein heilt ny nybilhall i tillegg til bruktbilhallen, seier dagleg leiar Ragnar Fjørtoft og seljar David Tvergrov ved Toyota Sunnmøre i Hovdebygda.

Ombygging som verksemda har vore gjennom gjer at dei har rundt hundre kvadratmeter meir grunnflate til å stille bilar.

– No har vi ei nybilavdeling som kan romme ni bilar. Ombygginga er gjort etter den nye standarden i Toyota-systemet. Det gjer at vi no har ein flott nybilhall som er lys og attraktiv.

I tillegg til meir plass og meir delt inn utstillingslokale har bilforhandlaren fått på plass eit nytt kundemottak og venteavdeling for kundane. Ein ny hall for bruktbilar vil og takast i bruk, i tillegg til eit nytt dekkhotell. Utover våren vil det og skje endringar utvendig. Verkstaden og delelageret får seg eit ansiktsløft med ein ny fasade, og det skal kome på plass ein portal over inngangspartiet til utstillingslokala. Arbeidet innvending vart ferdigstilt førre veke og frå 12.- til 17. februar markerer Toyota Sunnmøre nyopning.

Kundesenter: Under ombygginga har Toyota Sunnmøre fått nytt kundesenter. Utover våren vil det også skje fleire endringar utandørs. Foto: Joachim Åsebø

God start på 2018

Bilforhandlaren har lagt bak seg eit godt 2017 der salet av både nybilar og bruktbilar var godt.

– Vi har veldig god tru på 2018. Vi har fått ein veldig god start på det nye året med bruktbilsalet og nybilsalet har også vore veldig godt. Dei mest populære modellane er Rav, Yaris og den nye CHR, i tillegg til at hybrid er mykje etterspurt. Vona er at nyopninga og dei nye lokala vil vere med vil bidra til at denne utviklinga held fram.

I dag er det elleve tilsette ved Toyota Sunnmøre i Hovdebygda. I løpet av dei siste åra har nedslagsfeltet endra seg for bilforhandlaren.

– Det er no to år sidan vi tok over Toyota på ytre Søre Sunnmøre. For oss betydde det ein mykje større marknad, og det har også speglar seg att seg i auka sal. Det gjer at vi i dag også har mange kundar frå Hareid, Ulstein og Fosnavåg, seier Fjørtoft.