Mannen i 40-åra har vore varetektsfengsla sidan 4. oktober i fjor. Han er sikta i ei omfattande overgrepssak der politiet har gjort cirka 115 unike beslag. Det er gjort funn av rundt 15.- til 20.000 bilete og filmar. Dette forholdet har mannen erkjent.

Mannen er og sikta for forsøk på grov valdtekt av barn.  Ifølgje TV2 skal politiet sitte på etterforskingsmateriale til dette lovbrotet som viser at mannen skal ha forsøkt å bestille livestream av overgrep. Mannen har ikkje erkjent dette forholdet.

Påtalemynde meinte at det ikkje lenger var nødvendig å halde mannen varetektsfengsla. Mannen på si side bad om å bli fengsle i fire nye veker. Argumentet som mannen nytta i retten for vidare fengsling var at han ikkje hadde ein bustad å reise tilbake til. Han har fått besøksforbud i sin eigen heim. Han meinte at han innan fire veker vil kunne førebu seg på ein overgang til fridom. Retten meinte at mangel på bustad ikkje kunne begrunne fengsling, og difor var ønsket til mannen avslått.