Opprustingsarbeidet i Svendsenhagen er kome godt i gang med Aurstad som hovudentreprenør. Statens vegvesen er også godt i gang med arbeidet med nye busslommer ved sida av Svendsengarden. Prislappen totalt for begge prosjekta er på til saman fire millionar kroner. Når prosjekta står ferdig vil det vere det første synlege beviset på det store sentrumsprosjektet som har munna ut frå Europa-konkurransen. Fredag var representantar frå kommunen, næringslivet, lag og organisasjonar samla i Svendsengarden for å markere oppstarten på arbeidet.

– Dette er ein symboltung augneblink der vi no er i gang med å bygge nye Ørsta sentrum. Dette er eit punkt på ein lang veg, men det viser at vi er i gang med det store sentrumsprosjektet, sa planleggar Gunnar Wangen.

Anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS er i gang med arbeidet i Svendsenhagen på vegner av Aurstad. Det er mykje som skal gjerast, men mesteparten av arbeidet vil Aurstad stå for sjølve. Totaltida er sett for prosjektet er tjuefem til tretti arbeidsveker. Arbeidet kom i gang i månadsskiftet november – desember.

– Med ein normalvinter skal vi vere ferdig med arbeidet i mai, og veke 20 er sett som eit mål for ferdigstilling. Vi vonar at vi får planta i hagen i løpet av mai, sa prosjektleiar Jarle Støyle i Aurstad.

Finansieringa av opprustinga er ei tredeling mellom Møre og Romsdal Fylkeskommune, Ørsta kommune og næringslivet. Sparebanken Møre har tidlegare gått inn økonomisk i mellom anna opprustinga av Lina-tomta i Ørsta sentrum, og gir 450.000 kroner til arbeidet med Svendsenhagen.

– Det skal byggast ulike terrassar frå hagen og ned mot Vikegata. Dei enkelte nivåa kan utviklast som serveringsareal for Fru Svendsen, i tillegg til tribune og scene for ulike underhaldningsarrangement. Det vil bli opparbeida stiar gjennom hagen som vil kunne gi eit opnare terreng. Innbyggarane vil kunne kome seg lett fram, både til den nye busslomma ved E39 og til parkeringsarealet mot Torggata, sa banksjef Line Wiik Bjerknes.

Banken meiner at det er stort potensial i å utvikle Vikegata og sentrum endå meir.

– Dette trur vi vil skape meir aktivitet, fleire vil kanskje etablere seg i området og starte eigne føretak. Ei fortetting vil skape utvikling og mangfald.

På vegner av Mellestiftelsen Svendsengarden takka styreleiar Elling Dybdal for arbeidet som har blitt gjort, og som skal gjerast.

– Svendsengarden er eit eineståande og unikt bygg i Ørsta sentrum. Vi har bore opptekne av at særpreget til bygget ikkje blir innbygt med framandelement. Dette prosjektet gjer at overgangane mellom bygg og andre rom vert god. Vi er takksame og trur at heilskapen blir veldig god, sa Dybdal.

Lars Oscar Fossen Øvstegård har vore ein pådrivar for opprustinga i Ørsta sentrum.

– Eg må skryte av alle dei som har vore med å bidra. Vi må halde fram med arbeidet og mobilisere. Positivitet gjer noko med andre og eg er sikker på at denne positive utviklinga vil rulle vidare.

I fjor vart det samla inn 270.000 kroner til trivselstiltak i sentrum med Fossen Øvstegård og Sparebanken Møre ved Bjerknes som pådrivar og initiativtakar. Desse pengane skal gå til å få på plass buldreveggen på det næraste murbygget inn mot Svendsenhagen. Salsbuene som i dag står plassert like nedanfor veggen skal flyttast, og truleg vil det ikkje ta lang tid før det blir endringar i området.

– Buldreveggen er bestilt og etter dei signala vi har fått skal arbeidet med den startast opp i månadsskiftet januar-februar. Eigar av huset har vi inngått avtale med, og han er veldig positiv til det som skjer, sa Wangen.

Buldrevegg: På murveggen bak salsbuene kjem det buldrevegg. Salsbuene skal flyttast og allereie i månadsskiftet januar-februar startar arbeidet med buldreveggen.

– Eg er trygg på at det som no skjer vil vere med på å skape meir aktivitet i Vikegata i sommar, sa ordførar Stein Aam.