– Og opnar no vi no Osgeila for meir trafikk? Undra Aleksander Riise Olsen (Ap) etter at vedtaket vart gjort.

– Ja, svara utvalsleiar Inge Kolås.

Samfunnsutvalet slutthandsama i dag saka om Osgeila, ei sak som har versert i det politiske systemet i fleire år.

Einvegskøyring om vinteren

Enden på saka er at eit fleirtal på fem (H, KrF og Sp) vil ha einvegskøyring i den brattaste delen av gata frå 1. november til 15. mars. Då vert det einvegskøyring ned gata. Elles i året vert gata no opna for all trafikk.

Men folk frå Rystefeltet vil ikkje få lov til å køyre ned gata. Det vil nemleg kome skilt i krysset Osborgvegen/Hansholen om gjennomkøyring forbode i Hansholen.

Fartsdempande tiltak

– Då hindrar vi mellom anna handletrafikk frå Rystefeltet gjennom Hansholen og Osgeila til Rema 1000, sa Einar Holsvik (H). Det var han som kom med fleirtalsforslaget.

Samrøystes går vidare samfunnsutvalet inn for at det vert etablert fartsdempande tiltak i Hansholen for å få ned farta på trafikken.

Saka var igjennom ei lang handsaming i samfunnsutvalet tysdag, der det også vart ei synfaring, med mange oppsitjarar til stades. Dei var engasjerte. Då vart det for mykje for utvalsleiar Inge Kolås.

- Kakling

– Vi må få samla samfunnsutvalet for seg sjølve. Her vart det for mykje kakling, sa Kolås.

Mindretalet (Ap, Frp og MdG) ynskte bom i Osgeila, og såleis få redusert trafikkmengda.

– Og kanskje ein bevegeleg bom, der folk som også bur i Eliholen og Hansholen kan få tilgang til ein slags nøkkel som fjernstyrer ei opning av bommen, sa Astrid Bjørdal.

Dette forslaget fekk berre fire røyster, og fall.

Cato Engen (Sp), gjekk sterkt i mot ein bom.

Mellombels

– Du løyser ingenting med å stengje ein veg. Då opnar du berre for å flytte problemet ein annan stad, sa Engen.

Men ein ting var medlemmene i samfunnsutvalet samde om. Ordninga for Osgeila og vegane kring, er berre mellombels.

– Om ein eller to vintrar til har vi fått ei permanent løysing med samleveg i Smådalane som vil løyse desse problema, sa Kolås.

Det som gjeld skilting må godkjennast av Statens vegvesen.

* * *

Etter at handsaminga var slutt, leverte fire av utvalet sine medlemmer, Astrid Bjørdal, Aleksander Riise Olsen, Pauline Vinjevoll og Frida Gilberg ein anke på saka. Då tyder alt på at saka hamnar i kommunestyret.

Rystefeltet: Samfunnsutvalet vil gjere det forbode å køyre frå Rystefeltet gjennom Hansholen og Osgeila. Foto: Rune Sæbønes