- Eg brenn for trafikktryggleik. Det at folk har refleks, unge som gamle, er eit av dei viktigaste tiltaka.

Det seier Linda Tvergrov som forsynte over hundre sambygdingar på Vartdal med refleks torsdag kveld.

Torsdag (i dag) er refleksdagen, og Linda arrangerte for andre året på rad eit rebusløp der føremålet er trafikktryggleik kombinert med trim. Premien til alle er nemleg ein ny refleks.

I år var det 110 personar som deltok. Dei fleste var barnefamiliar, noko Linda set pris på.

- Det er avgjerande at born får eit forhold til trafikktryggleik, og tidleg lærer at refleks er viktig når ein går langs vegane. Viss ein skal vente til folk er godt opp i ungdomsåra med å prente inn dette, er det som regel for seint, seier Linda.

Ho er sjølv trafikklærar, og ser på arbeid for trafikktryggleik som ei av dei viktigaste oppgåvene.

- Det at over hundre var med her i dag, varmar, seier Linda.

Det var i samband med refleksdagen i fjor ho tenkte ut ideen om å arrangere eit rebusløp.

- Eg ville gjere noko ekstra, og eit slikt rebusløp på kvelden samlar folk i bygda. Vi har tjue postar ute der deltakarane skal svare på ymse spørsmål, og så kombinerer eg dette med fokus på å bruke refleks. Det er kjekt for folk å vere ute i skogen med lommelykter og hovudlykter. Når dei kjem inn, får dei kaker og drikke - og så ein refleks til alle, fortel Linda.

Ho vil at arrangementet skal vere gratis, og i år har ho fått hjelp av MC-deler, Vartdalgruppa fiskeopdrett, Bondhus trafikkskule, Rogne trafikkskule, Vartdal Plast og Roth daglegvare.

- Tusen takk til dei, for eg synest det er avgjerande at trafikktryggleik ikkje skal koste noko, seier Linda.

Blant dei som deltok var Silje og Christian Vartdal med familie.

- Dette er eit flott tiltak, og veldig kjekt å vere med på, seier Christian.