Biolog i Naturvernforbundet, Arnodd Håpnes rekker Mathias Åmås (5) ein stilk med fire små blad, gauksyre.
– Eg har ete masse sånne, det er derfor eg har blitt så sur, seier Håpnes og blunkar.
Stor flokk til skogs
Ei gruppe på 40 naturinteresserte er med han på tur i skogen mellom Aasen-tunet og Hovdevatnet. I 2017 kom han med boka «Trær i Norge».
Ein som både ser, lyttar og ikkje minst smakar på skogen er Mathias. Han har vore på ute ein vårdag før, mellom anna her, med Sollia barnehage, og blitt ein turvant tass.
– Han kan meir om etelege plantar enn meg, seier mor Sonnie Rose Åmås smilande.
– Eg visste for eksempel ikkje at løvetann er eteleg før han sa det.
Vi stoppar for å lytte til Håpnes som stiller seg opp ved nokre grantre.
Vil ha den edle skogen tilbake
– Eg er ingen tilhengar av gran på Vestlandet, seier han.
Der Håpnes kjem ifrå, granskogen nord i Trøndelag, kom grana naturleg.
Håpnes fortel om kor sårbar granfelta er for å bli velta av vind. Og grana er eit innført framandelement i vestlandske skogar, eit trugsmål for det opphavlege artsmangfaldet, ut ifrå det han fortel.
Biologen skjøner godt at skognæringa vil avverke skog som allereie er reist. Men å plante ny gran, meiner han er ein dårleg idé. Og sitkagrana er verst, den brer om seg som berre det.
– Tenk om ein heller kunne ha satsa på det som finst her naturleg, på edellauvskog, til dømes ask og eik seier Håpnes drøymande.
Han trekk fram at hardt, saktevakse trevirke har høgare kvalitet enn hurtigvakse gran.
Godteri og medisin
Ein som sett pris på grana, er Mathias.
Han tygg på syrlege, lysegrøne granbarskot.
Dette inneheld C-vitamin, men det er truleg meir smaken enn kosthaldsråd Mathias finn interessant.
– Eg likar store tre best, seier han.
Men det er på eit lite tre, ei hassel, at han finn ei nøtt som han tar vare på som om ho var ein gullklump. Nøtta er favorittfunnet frå turen, fortel han seinare.
Skogen byr ikkje berre på snacks, men også medisinar. Håpnes stoppar ved ei velutvikla selje. Han fortel at vier og selje, begge i salixfamilien vart brukt som smertestillande langt tilbake i oldtida. Salisylsyra som finst i barken, er utgangspunktet for medisinar som nyttast også i dag, sjølv om dette no blir gjort syntetisk.
– Snauhogst gir større CO₂-utslepp
Så retter Håpnes merksemda mot ein mosedott han har i handa og visar fram sopphyfar.
Når naturvernaren fortel om kor viktig sopphyfar i bakken er for tre, og for lagring av CO2, blir han gjort oppmerksam på kva landbruksministeren sa tidlegare på dagen, på kaia: at meir hogst er ein del av det grøne skiftet. Dette fordi skog bind karbon.
Håpnes argumenterer midt i mot det synet:
– Dale ser det som er over bakken. 80–85 prosent av karbonet blir lagra under bakken. Frå snauhogst til ny skog treng vi 90–150 år for å gå i null klimamessig. Snauhogst opnar dermed for auka utslepp.
Biologen etterlyser små, lukka hogstflater og plukkhogst i staden for snauhogst.
Om slik drift vil kunne vere lønnsamt for dei som skal tene pengar på skogen i eit effektivisert samfunn, er eit anna spørsmål.
Men, ut ifrå det Håpnes fortel, bør vi sjå skogen for meir enn berre tre.