Det skriv kulturskulerektor Hans Robert Bondhus i eit notat til kommunestyret. Vilkåret er at kommuenstyret dekkjer kostnaden på 30.000 kroner.
– Kulturskulen starta våren 2021 opp med musikkterapeutisk tilbod til personar med demens som er utanfor institusjon. Tilbodet er på Bakk-Ola-Marka ved musikkterapeut Brita Høydal, i samarbeid med demensteamet, heiter det i ei orientering frå Bondhus.
Tilbodet har allsong som utgangspunkt, og legg til rette for samtale og det sosiale. Musikkterapeuten tilpassar innhaldet, og prøvar å skreddarsy tilbodet til dei aktuelle brukarane ut i frå bakgrunnen deira.
– Tilbodet kan såleis samanliknast med demenskor-tilbodet som får mykje merksemd om dagen, sjølv om vi ikkje har brukt denne nemninga på vårt tilbod, skriv Bondhus.
Omfanget no er p 45 minutt aktivitet pr veke, i 36 veker per skuleår. I tillegg kjem for- og etterarbeid for musikkterapeut. Eksisterande tilbod er finansiert av kulturskulen, med 3,64% . I tillegg meverkar demenskoordinatoren og tilsette ved Bakk-Ola-Marka med det dei kan, og har kapasitet til, under øktene.
Tilbodet har vore tilgjengeleg for brukarar med tilbod om demensteam, og vert gjort kjent for aktuelle brukarar gjennom demensteamet og Bakk-Ola-Marka sine kanalar, vert det orientert om.
Kulturskulen ynskjer å utvide tilbodet med å doble timetalet.
– Med eit meir omfattande tilbod ser ein føre seg at enda fleire kan «sjå seg syn» med å nytte seg av det, og t.d. også ta turen frå bygdene. Når det gjeld kapasitet til å ta i mot fleire brukarar har demenskoordinator tankar om å sjå til frivillige hjelparar, og det vert også jobba med moglegheiter for å tilby skyss til dei som treng det, heiter det i orienteringa til kommunestyret.
Det vil koste 30.000 kroner å doble tilbodet. Kulturskulen foreslår at det kan takast av potten på 300.000 kroner som er sett av til å styrke tilbodet for heimebuande eldre.