Kraftprisane har vore lægre dei siste dagane, noko som har samanheng med mildare ver og meir vind og regn.

Spotprisane for torsdag er fastsett på kraftbørsen Nordpool, og dei syner små svingingar. På det rimelegaste er prisen 40,7 øre per kWh den fyrste timen etter midnatt. På det høgaste er prisen 53 øre torsdag kveld. Gjennomsnittsprisen er 45,8 øre per kWh.

Prisane på Nordpool er utan avgifter, og for ein forbrukar kjem også nettleiga i tillegg.