Det vart felt 670 hjort under hjortejakta i Ørsta kommune i 2022, tal fellingsløyve var 1318. I forhold til 2021 er dette ein nedgang på 238 felte dyr.

Registreringar som er lagt inn i Hjorteviltregisteret (registreringane er ikkje komplette) viser at i 2022 vart 55% av dyra felt på innmark, mot 65% i 2021. Resten er felt i utmark.

Slaktevekter i snitt (2021 i parentes):

Hannkalv 27 kg (27 kg)

Hokalv 23 kg (25 kg)

Spissbukk 51 kg (50 kg)

Fjorskolle 43 kg (43 kg)

Vaksen bukk 84 kg (80 kg)

Vaksen kolle 57 kg (58 kg)