Møre-Nytt skreiv søndag om ein daud makrellstim ved Osbrua i Ørsta. Havforskar Svein Iversen ved Havforskingsinstituttet i Bergen trur forklaringa kan vere enkel:

– Det som av og til skjer i elvemunningar er at ei tunge med saltvatn kjem inn under ferskvatnet. Makrellen kan dermed ha sumt inn i denne, og så vorte overraska og fanga av ferskvatnet, seier Iversen.

Han legg til at nokon sjølvsagt kan ha dumpa makrellen i elva, men at det er ei vel så naturleg årsak at han har omkome på eiga hand.

– Eg held ikkje dette som usannsynleg. Ein ser ofte at manetar driv inn i elvemunningar når det er flod. Det har også skjedd at folk har fått torsk på kroken når dei har fiska med makk i elvar. Somme fisketypar som sild og brisling er meir motstandsdyktige, og kan leve godt i brakkvatn, seier Iversen.

– Kor lenge kan makrell overleve i ferskvatn?

– Truleg ikkje lenge, då det skjer noko som heiter osmose. Makrellen er tilpassa saltvatn, og når han hamnar i ferskvatn, trengjer ferskvatn seg inn i fisken. Mulegens har fisken i elva svulma opp, seier Iversen.