Ein av dei var Benjamin Vartdal Bjerke (7). Ikkje fordi han ikkje likte gåvene han fekk til jul, men fordi han fekk fleire eksemplar av det same. Då er det fint å kunne byte ei playmobil-øskje i ei anna.

Ikkje byterett

Bak kassa på Brio på Amfi har Celine Mattiello sitt svare strev med å halde orden på alle bytelappane. Dei er mange i talet. Så mange at ho ikkje har tid til å telje dei mellom kvar kunde. Slik var det for fleire av dei tilsette på butikkane fredag.

– Vi har skrive ut bytelappar på fleire bøker og spel. Folk fortel at dei har fått fleire eksemplar av det same. Dei har gjerne ønskt seg noko, og så har fleire kjøpt det til dei, opplyser dei på Norli.

Det er ikkje lovfesta byterett, men særleg etter jul er det vanleg å få byterett på dei fleste varene, så lenge dei er i god stand, er ubrukt og har originalemballasjen. Nokre krev også bytelapp.

Forbrukarrådet opplyser at det er stor forskjell på varer kjøpt over disk, og varer som er kjøpt til dømes over Internett. Ved kjøp på Internett har folk lovfesta angrerett på fjorten dagar. Ved byting over disk er kunden, eller den som har teke imot gåva, avhengig av at butikken gir den ekstraservicen det er å byte varene.