På Velle skule var mange spente, små born med stolte foreldre møtt opp til sin første skuletime.

Ein etter ein vart elevane ropt opp, så dei fekk helse på rektor og kontaktlærarane sine.

Sina Digernes Aarskog var ei av dei som hadde sin aller første skuledag måndag morgon.

– Gler du deg til å byrje på skule, då?

– Ja!

– Kvifor det?

– Då får eg gjere lekser! Var det kontante svaret hennar.

Mor Tove Halse Digernes syntest det var mest like spanande å levere Sina frå seg på skulen.

– Det er veldig spesielt. Dette er siste vår som skal byrje på skule. Vi har to som har byrja før. Det er like spanande kvar gong, seier ho.

Velle skule har i år 295 elevar.