Klare ord frå assisterande fylkesmann, Rigmor Brøste, når han no kommenterer formannskapet sitt framlegg til budsjett og økonomiplan for dei neste fire åra.

Forpliktande

Fylkesmannen konstaterer at Ørsta kommune i forpliktande plan for 2013 hadde lagt opp til ei nedbetaling av 8,6 millionar kroner av det akkumulerte underskotet i 2013.

– Status etter budsjettoppsettet for 2014 viser at kommunen neppe maktar å dekkje dette beløpet. Ved inngangen til 2014 er prognosane dermed at akkumulerte underskot vil vere 18,98 millionar kroner, vurderer fylkesmannen.

Kostra-tala viser at Ørsta kommune sine utgifter på ein del tenester ligg høgt samanlikna med snittet i Møre og Romsdal og kommunegruppa.

– Dette gjev ein peikepinn på at drifta er for kostbar, konkluderer fylkesmannen.

Bufferar

– Kommunen har ikkje nemneverdige bufferar som kan dekkje opp for uventa utgifter gjennom budsjettåret. Det gjer at budsjettet er sårbart for meirforbruk, og at det er risiko for at budsjettert inndekning av underskot vert stroke. Med bakteppe i dei generelle utfordringane for kommuneøkonomien framover, og utviklinga i kommuneøkonomien for Ørsta kommune, er det mange økonomiske utfordringar framover som må løysast, varslar fylkesmannen.

Rolle

Han minner om at det er kommunestyret si rolle og oppgåve å syte for at kommunen held seg innanfor dei økonomiske rammene.

– Det er venta at kommunestyret tek i bruk dei verkemidla dei rår over for å vinne att økonomisk balanse. Kommunen si evne og vilje til å få økonomisk balanse vil vere eit sentralt element i seinare vurdering når fylkesmannen gjer lovlegheitskontrollen av budsjettet.

Nedbetaling

Fylkesmannen konstaterer at det i planperioden 2014–2016 er lagt opp til nedbetaling av tidlegare års underskot med 11,6 millionar i 2014 og 7,3 mill i 2015.

– Vi ber kommunen vere meir konkret i vedtak som gjeld forpliktande plan for 2014.

Ørsta kommune budsjetterer med ein årslønsvekst på 2,5 prosent, medan det i statsbudsjettet er prognosert ein vekst på 3,5 prosent.

– Legg ein prognosen i statsbudsjettet til grunn, vert det i Ørsta kommune lagt opp til ein effektiviseringsgevinst på ein prosent av lønsbudsjettet som etter Kostra-tal grovt kan reknast til rundt fem millionar kroner på årsbasis, konstaterer fylkesmannen.

Grep

Han ser positivt på at Ørsta kommune har teke grep for å auke inntektene, som gjer det mogleg å kome ut av Robek.

– Men samtidig ser vi at kommunen har store utfordringar på driftssida, og at kommunen vil arbeide vidare med effektivisering og følgje opp drifta i avdelingane.

Fylkesmannen vurderer kommunen sitt investeringsbudsjett for 2014 som ekspansivt, med eit finansieringsbehov på 95,544.000 kroner. Finansieringa er i hovudsak tenkt gjort ved bruk av tidlegare års låneopptak, tidlegare års mindreforbruk, sal av fast eigedom og momskompensasjon.

I økonomiplanen er det lagt opp til ekstern lånefinansiering i 2015 og 2016. Fylkesmannen åtvarar mot å starte opp investeringsprosjekt i 2014 som føreset ekstern lånefinansiering i 2015.