I fjor stilte til saman 350 deltakarar opp i elite- og mosjonsklassa i Saudehornet rett opp. I år er motbakkeløpet ein del av NECON motbakkecup, og dermed ein del av noregscupen i motbakkeløp for andre året på rad. Sjølv om mange eliteløparar kjem til Ørsta for å delta, ynskjer arrangørane å femne om alle.

– I fjor hadde vi rundt 150 ungar som deltok i barneløpet i tillegg til dei 350 i elite- og mosjonsklassa. Barneløpet opp til Skåla har vorte ein stor suksess, og påmeldinga aukar år for år. Om borna har lyst har vi eit eige startskot for dei 09.30 på løpsdagen, og det vert også eigne medaljar til dei som deltek i barneløpet. Vi skal ikkje berre vere eit eliteløp, og andre stader der det vert arrangert motbakkeløp er deltakinga klart størst i eliteklassa. Det er viktig og stas at dei gode deltek, men vi har også mykje mosjonistar. Vi er stolte av å ha ei breidde i deltakarane som ein kanskje ikkje ser andre stader, og barneløpet er eit tydeleg eksempel på det, seier Siri Dahl i Ørsta reiselivslag som saman med friidrett- og langrennsgruppa i Ørsta IL og Ørsta Røde Kors arrangerer løpet.

Påmeldingane byrjar å kome no

Påmeldingar til Saudehornet rett opp har starta, men det er enno tidleg å seie noko om kor mange som vil delta.

– Påmeldinga skjer alltid dei to siste vekene inn mot løpet, og det er vanskeleg å seie så mykje om talet på deltakarar akkurat no. For konkurranseklassen er det billegare å melde seg på innan ei veke før start, men folk brukar å melde seg på heilt fram til konkurransestart. Mosjonistane ventar nok og ser korleis vêret vert.

– Uansett ein folkefest

Arrangørane oppmodar at folk møter opp og vert med på folkefesten som Saudehornet rett opp har vorte.

– Vi er klar over at påmeldinga i mosjonsklassa er vêravhengig, men har von om vêret vert godt og uansett så vert det ein folkefest. Det er ein fin tur og folk kosar seg, seier Dahl.

Følgjer malen frå tidlegare år

Som tidlegare år vert det mogleg å følgje arrangementet på storskjerm i målområdet, og etter løpet vert det premieutdeling.

– I tillegg vert det stor hamnefest på kvelden. Saudehornet rett opp vert i tradisjonell god gammaldags stil som folk kjenner frå før av på alle måtar.