Med snøen som kom i slutten av førre veke og i helga låg mykje til rette for gode forhold på Bondalseidet. Søndag vart det også fint vêr, og mange nytta høvet til å leite fram skia og kome seg ut. Ørsta skisenter bestemte seg også for å opne det utvida barnetrekket.

– Det var mange som la turen til Bondalseidet søndag. Vi tok ei uvanleg kjapp avgjerd laurdag kveld om å ha ei prøveopning av den nye traseen i barnetrekket. Her har vi utvida og det er betre fasilitetar. Det var ein heil del ungar som fekk køyre gratis søndag. Hovdebygda IL ski hadde treningssamling, og det var stor aktivitet på langrennsstadion. Det var også veldig mange turgåarar i løypene til Åmskaret både på laurdag og søndag. Den nye trakkemaskina til 2,2 millionar kroner fungerer godt, og har laga gode løyper. Øyvind Bjørdal og co i trakkelaget er klare til å ta imot meir snø, seier styreleiar Stein Aam i Ørsta skisenter.

– God sole

Med kanonforhold vart det ei god helg for alle skiglade som kom seg ut. Etter rapportane har langrennsløypene vore topp sidan torsdag, og det er strålande forhold for langrenn. Sjølv med mildare temperaturar utover i veka vil truleg dei gode forholda i skisporet halde seg.

– Vi produserte ein god del snø tidleg i førre veke då det var minusgrader. Så vi har fått lagt ein sole på noko av anlegget, i tillegg til at snøen som kom no er trakka ned. Det er ein bra sole både på langrennsstadion og i turløypa heilt til Åmskaret. Det er ein god del å ta av, og det vert ikkje barmark med det første. På toppane har problemet vore at vinden har blåst vekk alt som har kome ned. Vi må berre vere realistar, og sjå utover i veka om det vert minusgrader slik at vi får produsert snø.

– Vil barnetrekket også vere ope til helga som kjem?

– Vi vil vurdere utover i veka om det er forsvarleg å halde det ope, og det er vêret som bestemmer, seier Aam.