Kvarfemte landbrukseigedom med bustadbusetnad i Noreg står folketom. Ein del av dei blir brukt til fritidseigedom, men mange avherlegdomane står også til nedfalls.

Gardar med bustadhus

Nyetabellar frå Statistisk sentralbyrå viser at det i 2012 var totalt 798 landbrukseigedomari Ørsta kommune. Men mange av desse harikkje bustadhus. Heilt nøyaktig er det akkurat700 landbrukseigedomar i Ørsta, eller gardsbruk om du vil, kor det finnastbustadhus. Og av desse er det 125 som stårutan busetjing. Dermed står knapt 18 prosentav alle bruk med bustadhus i Ørsta folketom.

I Voldakommune finst det totalt 555 landbrukseigedomar, og av desse er det 517 som harbustadhus. Av desse igjen, så er det96 som er fråflytta. For Volda sin del betyrdette at 18,6 prosent av dei aktuelle bruka står tomme.

Gardar i Møre og Romsdal

Vikan dermed slå fast at delen tomme gardsbruk i Ørsta og Volda er noko mindreenn den vi ser elles i Noreg. Delen forlattebruk på landsbasis utgjer nemleg 20,4 prosent. Deter i overkant av 151.000 landbrukseigedomar med bustadhus i Noreg, og 30.816 avdesse er ikkje bebudd.

Iheile Møre og Romsdal er det 11.908 bruk med bustadhus, og av desse er det2.178 som står utan busetjing. Det utgjer 18,3prosent. Største del med tomme gardsbruk her ifylket finn vi i Sandøy kommune, kor 34 prosent (32 av 95)av eigedomane harfråflytte bustadhus.

Mest og minst

Deter Moskenes kommune i Nordland som får den tvilsame æra av å ha størst delfråflytte gardsbruk i Noreg. Her står så mangesom 75 prosent av dei 28 gardane tomme. Nordkappi Finnmark følgjer så med nesten 73 prosent. IKlepp kommune i Rogaland er det berre sju av 498 gardar som er fråflytte(1,4%).

- Handlar om kjensler

FrodeFlemsæter er seniorforskar hos Norsk senter for bygdeforsking. Dei har på oppdrag frå styresmaktene laga ei utgreiing omfolketomme landbrukseigedomar. Målet er åhjelpe departementet til å utforme gode verkemiddel for å få lys i vindauga påfleire tomme gardsbruk.

- Tiltross for svært mange tomme landbrukseigedomar, så er det få av dei som blirlagt ut for sal. Vi meiner at dette fyrstog fremst handlar om kjensler. Det er i allefall ikkje berre eit spørsmål om regulering, deregulering eller andre lover ogregler, seier han.

Haldningsendring

-Sterkebindingar mellom folk og eigedom må løysast opp om vi skal få auka omsetning. Desse bindingane kan verke mot formålet sitt, og kan skapetomme hus, noka tunge sinn og eit kulturlandskap i forfall. Så når politiske verkemiddel skal formast for å aukeomsetninga av småbruk, så må det tenkjast nøye gjennom kva prinsipp som børgjelde, og kva tiltak som bør settes inn. Deter ikkje alltid lovverket som påverkar avgjerdene til folk, seier Flemsæter.

-Eigedomane har stor vekt for verdiskaping og busetjing i store delar av landet. At mange av desse eigedomane står folketomme kan haomfattande negative konsekvensar, slår han fast.

Slektsgardar

- Deter eigar si tilknyting til garden som har desidert størst verdi for at einfortset å eige eit gardsbruk ein sjølv ikkje bur ved. Tilknytinga strekkjer seg både bakover og framover tilneste generasjon, seier Flemsæter.

Atein landbrukseigedom står tom betyr ikkje nødvendigvis at den er ubrukt. Over halvparten av dei fråflytta gardane blir brukt somfritidsbustad.

- Utfordringaneer derfor fyrst og fremst knytte til dei eigedomane som står utan bruksverdifor eigar. Desse eigedomane kan ha stor verdi for andreog føre til kjærkomen tilflytting i små lokalsamfunn, seier Flemsæter.