Sukka Wenche Volle (Frp) i formannskapet i Ørsta tysdag. Hennar hjartesukk var symptomatisk for synet dei fleste i formannskapet i Ørsta har i denne saka. Det er at konkurransen om lokale til det nye interkommunale barnevernet burde ha vore langs aksen frå Ørsta sentrum til Volda sentrum.

Ørsta/Volda

Det er fleire månader sidan at kommunestyra i Ørsta, Volda, Hareid og Ulstein kommunar vedtok å slå saman barneverna i dei respektive kommunane til eit felles interkommunalt barnevern. Då vart det oppfatta i Ørsta kommunestyre som at det var semje om at barnevernet skulle lokaliserast på Ørsta/Volda-sida av Eiksundsambandet, og at i alle fall rådmennene i dei fire kommunane ynskte ein konkurranse langs aksen Ørsta sentrum – Volda sentrum for å finne dei mest høvelege lokala. Samstundes vart det vedteke at Volda kommune skulle vere vertskommune for det interkommunale barnevernet. I Ørsta kommunestyre vart dette tolka til å gjelde arbeidsgjevaransvar, medan det i Volda vart tolka til også å gjelde lokalisering. I dei siste månadene har også Hareid kommune og Ulstein kommune presisert at dei meiner at vertskommune også tyder lokalisering.

Utgifter

Saka kom opp i formannskapet i Ørsta for endeleg å gje klarsignal til ein konkurranse for kontorlokale til det nye felles barnevernet. Vidare skal den endelege samarbeidsavtalen godkjennast, og rådmennene vert dessutan bedne om å setje i gang ei utgiftskartlegging for det nye barnevernet.

Dyrare

Det einaste det vart debatt om i formannskapet i Ørsta, var prosessen fram mot avklaringa av at det nye felles barnevernet skal liggje i Volda kommune.

– Det skal konkurrerast etter lokale til lågast mogleg pris. At det no skjer berre i Volda er klart etter at Volda har fått med seg dei andre kommunane, sa rådmann Wenche Solheim.

– Då godtek vi altså at det kanskje vert dyrare, sa altså Wenche Volle (Frp).

Partikollega Hans-Olav Myklebust meinte at ein no måtte kome vidare i saka.

Kvalitet

– Bordet fangar. Men det var ein føresetnad heile tida at vi skulle velje mellom lokale i Ørsta og Volda. Vi ville ha meir konkurranse, lågast mogleg pris og kvalitet som var god nok. No når konkurransen berre vert berre innafor Volda, vil det seie færre lokale å velje mellom. Då kan det ende med dyrare lokale og lokale med dårlegare kvalitet. Det er veldig synd at føresetnaden vi trudde låg til grunn heile vegen, ikkje ligg der lenger. Det er merkeleg at ein ikkje kan sjå Volda og Ørsta under eitt, då det låg i saka til å byrje med. No kan vi ikkje ta anna val enn det dei andre kommunane har gjort, sa Myklebust.

Tankekross

Ordførar Rune Hovde var samd i innvendingane som kom.

– For viss vi går tilbake til starten på handsaminga av denne saka, ville det at ei lokalisering var fastsett til Volda ha påverka sakshandsaminga. Det er ein tankekross at vi har tenlege og ledige lokale i Ørsta, og kanskje kan ende opp med at det må byggjast nytt i Volda. Då risikerer vi at det vert dyrare og dårlegare. Vi har vore samstemte på at vi skulle få mest mogleg barnevern for kronene, sa Hovde.