Bustaden står til forfall, og det er fleire år sidan nokon budde der. Avdelingsdirektør med ansvar for prestebustader i Opplysningsvesenets fond, Bernt Aas, seier at han ikkje har nokon gode nyheiter å kome med.

– Bustaden er i beredskap som prestebustad, seier han.

Og medgir i same andedrag at tilstanden er så dårleg at det ikkje er muleg å bu der, men at dei ikkje har planar om å verken pusse opp eller renovere.

– Det er eit skrøpeleg bygg. Om det er verdt å flikke på det er eg ikkje sikker på. I første omgang vil vi sørgje for at uteområdet er stelt. Vidare skjebne kan eg ikkje seie meir om.

Prioriterer andre stader

Innbyggjarane på Sæbø har i lang tid kravd handling frå både Møre bispedømeråd og Opplysningsvesenets fond, og har uttalt at dei er svært kritiske til måten prestegarden har vorte behandla.

I eit nytt skriv frå Møre bispedømeråd til Hjørundfjord sokneråd og Ørsta kommune, skriv dei at dei ikkje lenger vil uttale seg i saka, og viser til at Bernt Aas er den einaste som kan seie noko. Og han har altså lite nytt å kome med.

– Det er ein nydeleg eigedom i Sæbø sentrum, og eg forstår at folk er opptekne av kva planar vi har, men eg tør ikkje seie noko om framtida. Eg har forstått det slik at der er ein prest som ikkje treng bustaden, og då prioriterer vi andre stader der vi ser at det er viktigare enn det er i Hjørundfjorden.

Opplysningsvesenets fond eig totalt 35 prestebustader i Møre bispedøme. Hjørundfjord prestebustad er ein av 12 som av ulike årsaker ikkje er busett av prest per dags dato.