– Eg reagerer sterkt på at meieristyrar Bente Reklev seier at eigedomsskatt er greitt. Ho må snarast mogleg seie seg lei for å ha sagt dette.

Det seier dagleg leiarAsgeir Standal hos Standal Knuseverk. Han viser til at meieristyrar Reklev i Møre-Nytt tysdag sa at hennar verksemd, Ørsta-meieriet, betalte eigedomsskatten med glede.

Standal jaga forresten takstmennene frå Eskan AS på dør onsdag, då dei kom for å taksere Standal Knuseverk.

– Dei kom umeldt, og det aksepterer eg ikkje. Eg skal ha meg fråbeden at folk kjem umeldt, og skal bruke av tida mi. Eg jaga dei heim, og sa til dei at dei ikkje skal på Tine Meieriet Ørsta no. Takstfolka er ikkje velkomne før eg har tid, og det vil seie nærmare jul, sa Standal. Han fortel at han møtte forståing for synet sitt.

Standal, tidlegare kommunestyremedlem for Senterpartiet og Framstegspartiet, viser til at det er bøndene som eig Tine.

– Bøndene røystar stort sett Senterpartiet eller Framstegspartiet. Desse partia er i Ørsta i mot eigedomsskatt. Då synest eg at meieristyrar Reklev bør beklage overfor eigarane sine at ho i Møre-Nytt mest helste eigedomsskatten velkomen, seier Standal.

Han meiner eigedomsskatt kan vere greitt – men då på eitt vilkår: At Stortinget vedtek at avgifta skal vere for alle over heile landet.

– Eigedomsskatt er greitt viss Stortinget avgjer at alle kommunar skal ha det. Den forskjellsbehandlinga vi har no, er ein uting. Dei kommunane som har best økonomi og budsjettdisiplin klarer seg utan eigedomsskatt, medan dei som slit, kjenner seg tvinga til å innføre han. Det er underleg at Stortinget ikkje tek tak i dette, og seier alle eller ingen, seier Standal.