Juli er ein månad som vanlegvis har høgare arbeidsløyse, mellom anna på grunn av at mange fullfører utdanninga si før sommaren. NAV opplyser at dei ventar at den faktiske arbeidsløysa vil gå noko ned dei neste månadene.

Ørsta og Volda

I Ørsta er det 1,9 prosent av arbeidsstokken som er arbeidsledige, totalt 104 personar, der 54 er kvinner og 50 er menn. Dette er tre fleire den siste månaden, men 22 færre enn på same tid i fjor.

I Volda er det 1,7 prosent av arbeidsstokken som er arbeidsledige, totalt 73 personar, der 29 er kvinner og 44 er menn. Dette er 13 fleire i førre månad, og fire fleire enn på same tid i fjor.

Stordal er den kommunen i fylket med flest arbeidsledige. Der er 6,1 prosent ledige. Herøy og Hareid følgjer etter med 3,8 prosent arbeidsløyse.

Rindal og Tingvoll har prosentvis lågast arbeidsløyse i fylket, med 1 prosent.

Møre og Romsdal og landet

I juli 2013 er det 3.103 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,3 prosent av arbeidsstokken, og er ein auke i arbeidsløysa på 5,9 prosent frå same månad i fjor.

I Noreg er det 74.620 heilt ledige. Dette er 2,8 prosent av arbeidsstokken og ein auke på 4 prosent samanlikna med same periode i fjor.