– Riggen har blitt transportert vekk etter at siste pålen kom på plass. I forkant var vi ute og varsla at dette arbeidet kunne bli litt støyande, men vi har ikkje tilbakemeldingar på at det har vore heftande støy, seier prosjektleiar Øystein Mårstøl i Ørsta kommune.

Landbruksdirektoratet har løyvd 12,5 millionar kroner for å utvikle Ørstaterminalen til tømmerkai. Ørsta kommune har sett av seks millionar kroner i inneverande år, og tolv millionar neste år til finansiering av kaia.

– Arbeidet har gått heilt etter planen. Kaia ligg no nitti prosent ferdig produsert på entreprenøren PEAB sin fabrikk. Arbeidet i Ørsta vil no ha ein stopp medan dei vil halde fram på elementfabrikken og planlegge transporten til Ørsta.

Skal vere ferdig 18. april

Tømmervolumet som går over kaia i dag er på 37.000 m³, og er venta å auke til 70.000 m³ i løpet av dei neste åra. Å utvikle Ørstaterminalen til tømmerkai går ut på å utvide kaifronten med 85 meter (nær ei dobling), med 6.000 m² for tømmerlagring.

– Den førebelse ferdigdatoen er 18. april neste år. Sjølv om det ikkje vil vere folk til stades i Ørsta ein periode så vil produksjonen gå for fullt andre stadar. Når elementa vert frakta frå fabrikken og hit vil dei bli heisa på plass. Då vil ting byrje å gå fort att og vise att på byggeplassen, seier Mårstøl.

Legesenteret er i rute

I tillegg til arbeidet med tømmerkaia skrid arbeidet med det nye legesenteret i Ørsta fram.

– Her går også arbeidet etter planen. Overtakinga av bygget skal skje 20. februar og då skal det vere ferdig møblert. Det vert no arbeidd med å planlegge overflytting i nye lokale i mars, og bygget vil vere tilgjengeleg frå mars av.

Det er Veidekke som er entreprenør på det nye legesenteret i Ørsta.