Og mot elleve røyster, avviser også kommunestyret å klandre samfunnsutvalet for handsaminga av Osgeil-saka.

Den omstridde Osgeil-saka vart handsama i kommunestyret på siste møte. Rett nok ikkje sjølve saka, men korleis samfunnsutvalet har handsama henne. Det skjedde gjennom ei tilråding frå kontrollutvalet, der det vart bede om at vedtaka som samfunnsutvalet har gjort i saka vart oppheva, og at samfunnsutvalet ikkje lenger skal ha saka.

Sjølve saka kjem tilbake til Ørsta kommune etter at Ulstein kommune som settekommune har hatt ein gjennomgang.

Handsaminga i kommunestyret byrja med at Inge Kolås, leiar i samfunnsutvalet, og Karl Asgeir Sæbønes, medlem i samfunnsutvalet, vart kjende ugilde. Også rådmann Wenche Solheim er ugild i saka.

Leiar i kontrollutvalet, Sven Castberg (H), presenterte saka for kommunestyret.

– Dette er inga hyggjeleg sak. Kontrollutvalet har handsama saka for å sikre at alle vedtak er i tråd med kommunelova og forvaltningslova. Vi fekk innspel frå oppsitjarar og publikum om ymse forhold. Folk oppfatta at sakshandsaminga ikkje hadde vore rett, sa Castberg.

Han forklarte at kontrollutvalet har nytta seg av sekretariatet til utvalet og jurist.

– Summen av handsaminga ligg i tilrådinga. Kontrollutvalet har sjølve ikkje mynde til å ta avgjerd i ei slik sak, og difor overlèt vi ho til kommunestyret, sa Castberg.

– No sit vi med naboskap der folk er bitre fiendar, og det mykje grunna dårleg handsaming. For dei som bur i dette området, er dette ei kjempeviktig sak, understreka Castberg. Kommunestyret ber dei folkevalde og administrasjonen ha skjerpa fokus i høve omsyn

Jostein Mo (Ap) vedgjekk at det ikkje var enkelt å vere «meddommar» i ei slik sak. Han var usamd i at samfunnsutvalet ikkje lenger skulle handsame saka.

– Er det rett å vedta at samfunnsutvalet ikkje kan handsame saka vidare? Ein løftar saka vekk frå utvalet som er fagutvalet for slike saker. Når setjekommunen kjem tilbake med saka, mo ho kome inn på eit spor der vi kan bruke våre eigne politiske organ, slik det er lagt til rette for, sa Mo. Han sa også at det i forslaget frå kontrollutvalet låg ein sterk mistillit til samfunnsutvalet.

Gunnar Knutsen (V) støtta tilrådinga.

– Slik kan vi leggje bak oss det som har skjedd, og dessutan verte merksame på det ansvaret vi har, t.d. overfor ugildskap, sa Knutsen.

Per-Are Sørheim (H) meinte saka viste to forhold.

– Det eine kor viktig det er for tilliten til politikarane at saker vert handsama på rett måte. Dette har ikkje vore god reklame for Ørsta kommune. Det andre er at kunnskapen om forvaltningspraksis har vist seg å vere for låg, sa Sørheim, og foreslo eit eige punkt om politikararopplæring i forvaltningsskikk.

Roger Vartdal (KrF) er medlem i samfunnsutvalet. Og han var klar på at han ikkje kunne røyste for eit forslag som sa at samfunnsutvalet har gjort ein dårleg jobb.

Ordførar Stein Aam (Sp) uttrykte tillit til samfunnsutvalet. – Eg vil sterkt åtvare mot at vi tek frå utvalet mynde, sa Aam.

Under avrøystinga fekk punktet om at kommunestyret stilte seg kritisk til samfunnsutvalet si handsaming berre elleve røyster, og fall. Men at vedtaka i Osgeil-saka skal opphevast fekk fleirtal.

Og med ei røyst i overvekt, seier kommunestyret at utvalet kan handsame denne saka vidare.