Han er ein av dei fem som Opinion AS ikkje fekk kontakt med under innbyggjargranskinga om grensejustering i Viddal og Bjørke krinsar.

Ingen telefon frå Opinion

Alnes fortel at han var tilgjengeleg i begge dei to vekene innbyggjargranskinga heldt på.

– Eg er mykje ute og reiser, og lite heime. Likevel har andre nådd meg. Eg hadde tapte anrop, men ingen frå Opinion AS, seier Alnæs.

Han er kritisk til at han ikkje fekk røyste, sjølv om han ser at hans røyst neppe hadde påverka det endelege resultatet så mykje.

89 prosent svara

Det var 54 prosent som røysta ja til å halde fram i Ørsta kommune, medan 42 prosent sa nei. Veit ikkje utgjorde tre prosent. Valdeltakinga var på over 89 prosent.

Men om han er irritert over at han ikkje fekk sagt meininga si innbyggjargranskinga, er han meir irritert på prosessen slik han vart.

Bjørke grendelag var i ferd med å lage eit godt opplegg for ei grensejusteringssak, og der grendelaget hadde regien.

Saka vart diskutert grundig i styret for grendelaget, og der sit både dei som ynskjer ei tilknyting til Ørstas, og til Volda og Hornindal. Det var semje om å samle inn eit faktagrunnlag, halde folkemøte, og så gå vidare med ei grensejusteringssak. Men så vart dette kuppa av dei såkalla «unge vaksne», seier Alnes.

Han meiner saka difor aldri vart så godt opplyst som ho kunne ha vorte.

– Og eg trur fleire røysta for å verte verande i Ørsta nettopp i irritasjon over at den opphavlege planen for denne prosessen aldri vart fullført, seier Alnæs.

– Ørsta vert tvangssamanslått

Han fortel også at mange av dei som røysta for å verte verande i Ørsta, eigentleg ikkje har noko i mot å gå til nye Volda.

– Men desse, meg inkludert, meiner at då må Ørsta som ein heilskap gå over i ein felles kommune med Volda og Hornindal, seier Alnæs. Han er overtydd om at dette også vert ein realitet.

– Eg trur at Ørsta vert innlemma i Volda og Hornindal med tvang, seier Alnes.