Det er minimale endringar i arbeidsløysetala for Ørsta og Volda i juni. Oversynet frå Nav Møre og Romsdal syner ei arbeidsløyse på 2,2 prosent i Ørsta og 1,4 prosent i Volda.

Ved utgangen av juni var det 119 personar heilt utan arbeid i Ørsta. Det er to fleire en på same tidspunkt for eitt år sidan, og utgjer altså 2,2 prosent av arbeidsstyrken.

I Volda var det 60 personar heilt utan arbeid ved utgangen av denne månaden. Det er seks færre enn for eit år sidan, og det er 1,4 prosent av arbeidsstyrken som er heilt utan arbeid i Volda.

Fylket og landet

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal var på 1,8 prosent ved utgangen av juni. Det var 2.454 heilt utan arbeid på dette tidspunktet, og det er heile 485 færre enn for eit år sidan. Saman med Sør-Trøndelag er Møre og Romsdal det fylket som opplever den største nedgangen i arbeidsløysa.

Såleis er Ørsta litt utypisk med å ha stabile tal, og dessutan ei arbeidsløyse som ligg over fylkesgjennomsnittet.

Men framleis er Ørsta under landsgjennomsnittet. Det var ved utgangen av juni på 2,4 prosent.