NRK melde denne veka at Kristiansund kommune har hatt så store kostnader til advokat at dei har tilsett ein eigen kommuneadvokat i full stilling, i staden for å leige inn advokat på timesbasis. Særleg er det barnevernsaker som har vist seg å koste mykje, med inntil to millionar kroner per år i advokatutgifter.

Særkompetanse

I Ørsta kommune anslår barnevernsleiar Kyrre Grimstad at advokatutgiftene i barnevernsaker truleg dreiar seg om mellom tre og fem hundre tusen kroner per år. Han ser ikkje vekk ifrå at det kunne vore aktuelt med ein fast tilsett advokat, men understrekar at dei i dag brukar ein veldig dyktig advokat innan barnevernsaker.

– Ein kommuneadvokat må beherske dei store lovverka. Barnevernlova er spesiell og krev ein særkompetanse som ikkje alle advokatar har. Vi har eit utmerkt samarbeid med ein særdeles kompetent advokat som brukar mindre tid enn andre, då han har fingerspisskompetanse innan sitt felt, seier Grimstad.

– Dugleik for ein advokat i barnevernet handlar heller ikkje berre om jus, men om å kunne samarbeidet og sjå barnet. Det er ein kompetanse som ein tileignar seg med røynsle.

– Må utgreiast

Grimstad seier det uansett må ei utgreiing til for å finne ut om det kan vere lønsamt og praktisk å ha ein fast tilsett advokat, eventuelt som eit interkommunalt samarbeid mellom barneverntenestene.

Rådmann Wenche Solheim seier det elles ikkje er dei heilt store advokatutgiftene i kommunen.

Muleg samarbeid

Rådmann Rune Sjurgard i Volda seier det heller ikkje der har vore diskutert om ein skal tilsetje ein eigen kommuneadvokat, men at eit muleg samarbeid har vore tema i rådmannsgruppa.

– Vi har ikkje så kolossalt store advokatutgifter i Volda kommune. I rådmannsgruppa har det vore drøfta om det kan vere aktuelt å rekruttere spisskompetanse og om kommunane kan vurdere å samarbeide i staden for å kjøpe tenestar på timebasis frå private advokatfirma. I og med at Kristiansund er på storleik med Ørsta og Volda, kan det vere aktuelt å greie det ut i samband med prosjektet som no er i gang med å etablere felles barnevern.

Rådmannen trur ikkje det er behov for ein eigen advokat berre til barnevernsaker i Volda kommune.

– Det kan vere periodar utan store saker, men så kjem ein i periodar med mange saker per år. Då kan det i staden vere fornuftig med eit samarbeid.

Kyrre Grimstad
Rune Sjurgard