Om dei spelar påcountryfestivalar eller på urbane rockeklubbar, fulle hus trekkjer dei uansett.Barndomskameratane frå Ål spelar country- og folkemusikkinspirert countryrocksom gjer seg forunderleg godt på hallingdialekt. Neste plata deira kjem inovember, men i Hamneparken får publikum høyre materiale frå heile katalogen.

– Kanskje blir det ein låt frå dennye plata, dersom vi har noko som er godt nok innøvd til at vi har lyst åpresentere det, seier vokalist Aslag Haugen.

Musikken deira blir nytta ved alledei store hendingane i livet, konfirmasjon, bryllaup og gravferder. Eit sikkertteikn på at bandet når breitt. Hellbillies er mellom dei som heile tida harmakta å utvikle seg, men samstundes har halde fast på eigenarten.

Trivst påscena

– Lyden av bandeter annleis enn i starten, og låtmaterialet har også endra seg. I byrjingahandla låtane om eit slags lokalt univers. Det er jo kult, men ein kan ikkjedrive på for lenge utan å utvide universet, seier Haugen.

Noka oppskrift på suksessen har hanikkje, men han meiner ein får mykje att for skikkeleg musikalsk handverk oggode norske tekstar.

– Det er sterkt å oppleve at folkhar brukt tid på å lære seg tekstane, og eg har opplevd å bli arrestert avpublikummarar som kjem etter konserten og fortel at eg song feil på andreverset, seier han.

Hellbillies er kjent som eitforrykande liveband som gir alt på konsertane. Det kjem av at dei kjenner segtrygge på scena, trur Haugen.

– Vi har spelt mykje live og erkomfortable med det. Og så er det veldig moro. Vi vonar sjølvsagt at detsmittar!