Det seier ordførar Stein Aam. Han er svært lei seg over det bebuarane i sentrumskjernen opplever.

Møre-Nytt kunne tysdag fortelje om stadig nattebråk. Det er tullkøyring med fleire typar køyretøy, der stereoanlegga står på full guffe. Folk som bur i området får ikkje sove. Og nokre vurderer faktisk å flytte.

Lensmannen utfordra

Dette synest ordføraren er svært leitt. Han registrerer at lensmann Guttorm Hagen gjennom Møre-Nytt utfordra kommunen til å setje i verk tiltak. Den hansken plukkar Aam opp.

Likevel poengterer han at politiet også må gjere sitt.

– Det som gjeld støy og brot på ro og orden, det må politiet ta seg av. Når det er sagt, vil eg understreke at politiet og kommunen har eit godt samarbeid og ein god dialog, seier Aam.

Lensmann Hagen utfordra kommunen på å få gjennomført fysiske tiltak. Lensmannen ynskjer seg mellom anna fartshumpar. Det er noko Aam har bedt teknisk sektor om å vurdere.

– Sjølv kan eg tenkje meg at her kjem to fartshumpar i Webjørn Svendsen-gata. Det kan vere ein ved Folkebadet, og ein ved Kunsthuset, seier Aam.

Han meiner dette må vere problemlaust. Etter at Fram-ekspressen no har fått ny stoppestad ved Svendsenhagen i Kyrkjegata, er det ikkje lenger naudsynt at denne ekspressbussen må svinge ned via Haldeplassen.

Bussar

– Der vil framleis lokalbussane gå, og dei er mindre. Eg kan ikkje skjøne at fartshumpar vert eit problem for dei, seier Aam.

Ørsta kommune er i gang med å regulere det nye Ørsta sentrum. Områdeplanen er sendt ut til høyring. I denne planen vert det mellom anna lagt opp til at Webjørn Svendsen-gata skal stengjast for innkøyring i krysset mot E39 (Ivar Aasen-gata).

Likevel, det viktigaste grepet i sentrumsplanen er at det vert lagt opp til fortetting. Kommunen ynskjer at det vert bygt fleire leilegheiter, og at fleire skal bu i sentrum.

– Og når vi inviterer folk til å flytte til sentrum, då må her også vere leveleg, seier Aam.

Har vorte kontakta

Han sjølv har vorte kontakta av fleire av bebuarane.

– Og når du ser bilete frå kl. 4.38 natt til søndag, og ser kva som skjer, då skjønar du at noko må gjerast, seier Aam.

Han understrekar at han ikkje vil ungdommen til livs.

– Det er nok ikkje verre no enn det var for tretti år sidan. Eg ynskjer å ha god kommunikasjon også med ungdommen. Sentrum skal vere for alle, og så må vi saman finne ut av dei problema som no er, seier Aam.