Det var under opningshøgtida til Dei nynorske festspela at generalsekretæren i Høgre fekk overrekt diplom og 100.000 kroner som årets nynorskbrukar. Prispengane returnerte han forresten på direkten, for som han sa: – Politikarar skal vere varsame med å ta i mot gåver.

Utdelinga av prisen Årets nynorskbrukar var berre eitt av høgdepunkta under opningshøgtida. I ein fullsett sal i Ivar Aasen-tunet var det som vanleg ein god miks av skjemt og alvor, av talar og kultur innslag.

Sterk opningstale

Årets opningstalar var ved forfattaren Tharaniga Rajah.

Ho er fødd og oppvaksen på Moi i Rogaland, men foreldra hennar innvandra frå Sri Lanka. Ho debuterer til hausten med sin fyrste roman. Og det er ein roman med samefolket som tema.

Eg blir alltid spurt kvifor eg, ei tamilsk kvinne vakse opp på Moi, skriv om samar. Kvifor skriv eg ikkje om borgarkrigen i Sri Lanka framfor ein fiktiv krig i Finnmark? For å vera heilt ærleg så fall det meg ikkje inn at det var rart. Fyrst av å bli spurt skjøna eg at folk tykte det var spesielt. Men eg kjem frå eit folkeslag som har blitt kolonisert, i over 500 år. Folket mitt, tamilane blei forsøkt etnisk utreinska under borgarkrigen. Sjølv om eg kjenner meg norsk, identifiserer eg meg i stor grad med samane. sa Rajah.

Rasisme

Ho takka festspela for valet av tema i år.

– For kven me er, er heilt avgjerande for litteraturen me skriv. Det er ikkje tilfeldig at Yahya Hassan, Athena Farrokzad og Johannes Anyuru skriv om rasisme, det er ikkje tilfeldig at eg debuterer med ein bok om rasisme og krig. Det er fordi me lever i rasismen. Me kjenner det på huda kvar dag, sa Rajah.

Aldri angra

Under opninga presenterte også festspeldiktar Marit Eikemo seg med å lese ein tekst, og Frida Ånnevik medverka med song.

Avslutningsvis fekk Årset tildelt prisen som Årets nynorskbrukar. Han fortalde om eit medvite val som elev på den vidaregåande skulen då han skifta frå å vere bokmålsbrukar til å verte nynorskbrukar.

– Eg har aldri angra på det valet, sa Årset.

Opningstalar: Tharaniga Rajah. Foto: Rune Sæbønes
Frida Ånnevik song under opninga. Foto: Rune Sæbønes
Festspeldiktar Marit Eikemo kransa bautasteinen i Aasen-tunet. Foto: Rune Sæbønes