Det skriv Norges Friidrettsforbund i eit brev til Ørsta idrettslag. Dei opnar brevet med å skrive at dei er gjort kjende med at det er planar om å erstatte naturgraset med kunstgras på Ørsta stadion.
– Ei slik ombygging vert rekna som bruksendring og kan ha innverknad på reglane om spelemidlar. Ei slik bruksendring kan ikkje skje utan løyve. Ut frå erfaring vil eit slikt løyve innebere at det må bli stilt erstatningsareal til disposisjon for kasteøvingane i friidrett. Vi er merksame på at bana er eigd av Ørsta Idrettslag, som ved å ta imot spelemidlar så seint som i 2006, også dermed godtok at friidrettsbana skulle vere open og halden ved like for friidrett i 30 år. Også kommunen er forplikta overfor dei spelemidlane som er løyvde, skriv dei.
Nedgradering
Og ei eventuell bruksendring kan også få konsekvensar for bruken.
– Vi vil då nedgradere anlegget til eit delanlegg, og då kan det berre verte arrangert lokale stemne, og ikkje for eksempel kretsmeisterskap og heller ikkje Ørstaleikar, dersom kast ikkje er ein del av stemneprogrammet.
Friidrettsforbundet skriv også at dei er gjort kjent med at dersom det skal byggjast eit erstatningsareal, kan det vere aktuelt at friidretten må vere med på å bidra økonomisk til dette.
- Fotballen tvingar friidretten
– Vi vil hevde at dette er heilt uakseptabelt. Det er ikkje friidretten som ønskjer å flytte, det er derimot fotballen som tvingar friidretten til dette, og derfor sjølvsagt også må stå for kostnadene.
Vidare viser dei til at dette er det einaste fulle anlegget for friidrett, og at Volda kommune ikkje har eit liknande anlegg, og at utøvarar frå Volda difor må til Ørsta for å trene.
- Levande friidrettsmiljø
– Det vil difor vere rimeleg at også friidrettsmiljøet i Volda vert høyrde i ei slik sak. Ørsta har eit levande friidrettsmiljø, men ikkje større enn at ei oppsplitting vil vere negativt. Det er kommunen sitt ansvar å ta vare på mangfaldet i kommunen og tilbodet til barn og unge, og ikkje la sterke grupper overkøyre dei svakare gruppene, slik det vert opplevd som forsøk på her. Norges Friidrettsforbund forventar at ein idrett ikkje skal kunne diktere alt utelukkande ut frå eigne interesser.