– Vi ynskjer fleire søkarar frå distriktet som kvalifiserer seg til studiet og kan kome tilbake til Sunnmøre ferdig utdanna. Distriktet fekk 12 nye stillingar i år og håper denne utviklinga held fram. Det er viktig for oss å få dyktige framtidige politikollegaer her i frå inn på studiet, seier politimeister Jon Steven Hasseldal i Sunnmøre politidistrikt.

Søknad til Politihøgskulen går gjennom ”Samordna opptak”. Der må søkjarane i etterkant levere inn eit fylgjeskjema med opplysningane som stadfestar at dei fyller opptakskrava. Det viser seg at mange søkjer på studiet, men let vere å sende inn fylgjeskjemaet. Då fell dei ut av vidare opptaksprosedyrar.

- Vi oppfordrar søkjarane om å samle inn den etterspurte dokumentasjonen alt no. Fristen for innsending er 20. mars, forklarar Hasseldal. Han legg til at det er synd om gode kandidatar mister høvet til å delta på opptaksprøva, fordi sjølve søknaden var mangelfull.

”Samordna opptak” legg tilgjengeleg fylgjeskjemaet etter 1. mars frå søkjaren sin nettsøknad. Dei som søkjer Politihøgskolen, må aktivt inn for å legge ved dokumentasjon som viser at de fyller opptakskrava innan 20. mars

73 søkarar vart til sju studentar

Søkjartala har vore stabile siste åra, men vi må få fleire heilt gjennom og inn på studiet. Av de 73 søkjarane i fjor var det berre 11 sunnmøringar som sendte inn naudsynte dokument og som fullførte opptaksprøva. Bare sju av desse møtte til studiestart. Dette vart ein kraftig reduksjon frå 2012, då 20 studentar kvalifiserte seg og 17 starta på studiet. Søknadene kom frå alle kommunane og flest frå Giske (9), Volda (7), Ørsta (7) og Ålesund (28).

- Eg er sikker på at det lokalt er fleire gode kandidatar, seier Hasseldal, og legg til at Politihøgskolen har uttrykt at elevane langs Mørekysten er kjende for å være flinke og at dei har høg gjennomføringsgrad.

- Politiet har store oppgåver framføre oss og vi treng fleire inn i dette varierte og utfordrande yrket. Vi gir tilbod om spesialisering både innanfor dei tradisjonelle politifagområda og også heilt nye. Politimeisteren ynskjer søknadar frå heile Sunnmøre men nemner spesielt kommunane Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Stordal, Norddal, Skodje og Haram der det berre har vore sporadiske søkjarar siste åra.

Praksisår i eige distrikt

Sunnmøre politidistrikt har årleg 24 andreårs-studentar i praksis ute på lensmannskontor og på Ålesund politistasjon. Frå årets kull er fire frå Ålesund, ein frå Ørsta, ein frå Volda og to frå Sykkylven. - Politiet ynskjer ei god breidde i politistyrken og lokalkunnskap er ein styrke. Men eg ser at politistudentar frå vårt distrikt er ettertrakta alt i praksisperioden. Der er ein viss fare for at få vender heim til Sunnmøre.