Det kjem fram i tilrådinga til ei fråsegn til regjeringa sitt forslag om reservasjonsrett for fastlegar og tilvising til abort.

Tilrådinga er utforma av kommuneoverlege Arne Gotteberg.

– Det har vanskeleggjort denne saka at det er foreslått at det er den einskilde kommune som skal ta avgjerda om dei skal vere såkalla «reservasjonskommunar» eller ikkje, kommenterer Gotteberg i saksutgreiinga.

Det er levekårsutvalet som skal handsame saka fyrst. Saka skal der etter til kommunestyret.

I tilrådinga heiter det at «eventuell reservasjonsrett for tilvising til abort må utformast og praktiserast slik at kvinnene sin tilgang til sjølvbestemt abort ikkje på nokon måte vert hindra.

– Ut ifrå ei samla vurdering av alle sider i denne saka, finn Ørsta kommunestyre det rimeleg at der skal verte opna høve til reservasjonsrett. Reservasjonsretten må vere ei nasjonal ordning, felles for heile landet. Kommunestyret ynskjer ikkje ei kommunal reservasjonsordning, heiter det i tilrådinga.

Fastlegane i Ørsta og Volda har vorte rådførte under administrasjonen si handsaming av saka.

– Då stod reservasjonsretten mot tilvising til abortinngrep i fokus i diskusjonen. Dette med reservasjon mot aktiv dødshjelp er ikkje ei aktuell problemstilling no, men kan verte det i framtida, kommenterer Gotteberg.

Han finn det nemleg merkeleg at det er med i høyringa eit forslag om reservasjonsrett for aktiv dødshjelp. Så lenge det ikkje er tillate med dette i Noreg, meiner Gotteberg at dette støyter unødig opp helsepersonell sitt samvit.

Når dette likevel er med i høyringsforslaget til regjeringa, meiner Gotteberg det berre understrekar at ein eventuell reservasjonsrett må vere ei nasjonal ordning, og ikkje berre noko kvar einskild kommune kan avgjere.

Rådmann Wenche Solheim sluttar seg til Gotteberg sine synspunkt, og kommenterer at tilgang til sjølvbestemt abort er eit kvinnespørsmål, og ikkje eit likestillingsspørsmål.