– Dette er eit veldig bra tilbod, og det er herleg å sleppe å lage middag ein gang i blant, seier Gry Marita Grimstad då Møre-Nytt braut av den god stemninga rundt bordet for å slå av ein prat. Saman med dottera hygga Grimstad seg saman med Robert og Nina Vatne sin familie. Suppe i sentrum er eit konsept som Øystein Hovland og Jonathan Negassi står bak.

– Ideen var å bruke fritida på onsdagane og frikyrkja til å gjere noko for alle. Vi bestemte oss for å lage suppe og invitere alle som vil hit. Her er det ikkje noko krav for å møte opp, seier Hovland.

Initiativtakarane nytta slagordet til karakteren Balle Clorin frå sketsjen «Norsk Supperåd» med Harald Heide-Steen jr. og Rolv Wesenlund. Medan Clorin i sketsjen hevdar at suppe ikkje er i skotet, var det mange som la turen innom Frikyrkja for sosialt samvær og gratis brennsnut.

– Vi har god tru på ideen og konseptet, og då vi såg kor mange som la turen innom i dag bestemte vi at den neste samkomsten vert om fjorten dagar. Alle er hjerteleg velkomen hit, seier Hovland.

Tanken bak «Suppe i sentrum» er å skape ein møteplass der alle er velkomne.

– Som småbarnsforeldre så ser vi at det ikkje alltid er tilstrekkeleg med tid til å lage skikkeleg middag. Her skal ein få skikkeleg middag, og det skal vere ein stad det er kjekt å vere og som ein kan treffe folk. Vi opnar klokka to, og då passar det også for litt eldre folk som er vande med å ete litt tidlegare på dag. Det er ikkje alle som har nokon å ete middag saman med, seier Hovland.

«Suppe i sentrum» har fått hjelp frå Eurospar i Ørsta med grønsaker til arrangementet, og takkar for hjelpa.

– Det er vi veldig glade for, og kanskje er det andre som også har lyst til å bidra, seier Hovland.

Negassi gler seg over å vere i gang med arrangementet.

– Eg har lyst til å jobbe med dette og forstå norsk tradisjon på ein betre måte. Eg vert glad når det kjem så mange personar, seier han med eit smil.

Dei som hadde møtt opp kan tenkje seg å legge turen innom «Suppe i sentrum» i framtida.