Iversen og ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo, vart utfordra av sjukehusaksjonane i Volda og i Nordfjord til å danne ei arbeidsgruppe som skal jobbe raskt og målretta mot Helse- og omsorgsdepartementet for å danne eit felles sjukehus for Søre Sunnmøre og Nordfjord.

Unødige grenser

– Eg trur det er lurt å vente på planen som regjeringa har sagt dei vil starte arbeidet med snarleg.

Iversen viser til at det er uttalt at planen skal omhandle også lokalsjukehusa og deira rolle for å sikre beredskap for liv og helse i heile landet, og seier at mellom anna brannen i Lærdal viser kor viktig lokalsjukehuset er.

– Som ordførar og politikar håper eg at planen vil ta i vare lokalsjukehusa på ein betre måte enn den førre regjeringa la opp til, og at unødige grenser vert bygd ned.

Han seier at når storsamfunnet legg til rette for, og investerer milliardar i nye vegar, som igjen endrar avstandar og reisetid til næraste sjukehus, vil det vere naturleg å tenke seg eit nærare samarbeid, på tvers av fylkesgrenser og helseføretaksgrenser.

– For per i dag er dessverre grensene mellom helseføretaka større enn vi ønskjer. Dei skulle vore meir fristilt og opnare for samarbeid.

Midtre trasé

Og Iversen meiner at kortare avstandar ikkje nødvendigvis betyr kroken på døra for lokalsjukehusa. Volda har sagt at dei ønskjer stamvegen i midtre line over Voldsfjorden, visa Stigedalen og Eid. Dette meiner Iversen kan opne for eit nærare samarbeid mellom sjukehusa, dersom dei som har ansvar for sjukehusa ønskjer å legge til rette for det. Han nemner også flyplassane i Ørsta og i Sandane som døme. Der Ørsta har vekse seg til ein av dei største småflyplassane i landet.

– Enkelte likar ikkje snakket om midtre trasé og seier at flyplass og sjukehus vert sett i spel. Det snakkar vi ikkje om, men derimot handlar det om å få til eit fornuftig samarbeid.

Iversen meiner haldninga til den nye regjeringa er lovande med tanke på helsestrukturen i framtida, og seier at han difor vil avvente innhaldet i planen, før han går vidare i saka.