Ørsta kommune oppmodar 17. mai-komiteane i Ørsta kommune om å sende inn sine program når dei er klare.

«Så legg vi det ut på heimesida før den store dagen. I år kan vi endeleg feire 17. mai på ein normal måte. Ørsta kommune ynskjer å gjere programma for dagen tilgjengelege på heimesida til kommunen. Har du eit program? Send det til oss innan fredag 13. mai kl. 15.00», skriv Ørsta kommune på si heimeside.